onsdag 29. desember 2010

Romjulsrapport




Her er framleis jul. Vestablikkfruen har endeleg òg hatt litt velfortent julefri. Lange frokostar, turar ut i ein kvit eventyrverden, kaker og deilige middagar.

Me har det godt!

Håpar du nyt romjulsdagane òg!

onsdag 22. desember 2010

Litt heimebakst

Igår baka eg biscotti for fyrste gong! Enkle å lage og fantastisk gode! Dei var til og med glutenfrie, for det må dei vere skal Vestablikkmannen kunne nyte dei. Så han veit å skrøyte. Det er lurt:-)

Men eg er ikkje så glad i snobberi. Italienske kaker med lekre navn. Tja. Det er vel i grunnen berre gode sprøe nøttekaker. Enkelt og greit;-)

Desse hadde mandlar og pistasjenøtter i. Her kan du finne oppskrifta. Trur eg må prøve med valnøtter og fiken i òg!

Ha ein fin dag!

tirsdag 21. desember 2010

Jul i huset vårt

Så er me inne i siste veka før jul. Sola har snudd og nydeleg vinterføre ligg utanfor døra! Kan det bli betre?

Me pyntar forsiktig, litt pynt her og litt der. Julekassen er stor, men ikkje alt blir tatt fram kvart år. Ingen av oss likar for mykje stæsj. Og julestemninga kjem likevel! Med god mat, god tid, venner og familie!
Håpar du har det fint no i dagane før jul!

torsdag 16. desember 2010

Back in business

Ingen stas å vere kameralaus!

Men no blir snart finaste kameraet utskriven, frisk og spretten - klar til tjeneste. I god tid til høgsesongen! Hurra!

God kveld til deg!

onsdag 15. desember 2010

Marknadsglimt


Stor stas å vere med i år òg! Eg delte stand med bestekusine Ingrid, og nokre søte smånissar:-)


No har Elna gått ut i streik. Det blei nok litt lite overtidstillegg i dagane før marknaden. Eg får håpe ho snart er tilbake i vanleg arbeid - før abstinensene mine blir for store...

Ha ein fortryllande onsdag!

mandag 13. desember 2010

Kvilepuls

Så er me komne halvvegs i desember. Julesnøen er komen, og gått. Juleluktene er innomhus - svibel, kongerøykelse, mandarin. Når det er heilt stille her - kan eg høyre reinsdyrbjellene i det fjerne... Eller kan det vere frå plastnissen frå kjøpesenteret..?

Jo, jula er snart her. Eg gler meg!

Førjulsstemninga som kjem smygande er god. Det er luktar, lyder, minner. Det er julepynt frå loftet, forventning i ansikta til dei små. Det er gleda over å pønske ut fine gåver.

Enn så lenge er huset herleg fritt for stress. Eg likar ikkje å stresse. Eg veit at eg på eit visst tidspunkt før jul kjem til å jobbe på for å komme i mål. Men eg tyner roen så lenge eg kan.

No er jo òg julemarknaden min over for denne gong. Eg feirer det ikveld med å sy pittelitt...
Men ikveld syr eg berre til meg sjølv:-)

I morgon kjem det litt bilder frå marknaden!

Ha ein fin kveld!

søndag 5. desember 2010

Lett gallopp

Jaja sann. Eg skulle liksom ikkje vere med på julemarknad i år. Trudde eg. Men så kom ånden over meg, og i eit entusiastisk øyeblikk meldte eg meg på likevel. For nøyaktig 9 dagar sidan. Og neste søndag er det marknad...

Så nei, her er ikkje så mykje juleforberedelsar å spore - all ledig kveldstid går med til sying, stryking og trykking. Veldig kjekt og veldig travelt! Eg gler meg!

God søndag til deg som er innom!