tirsdag 28. september 2010

Er det berre meg?

- eller var det ikkje meir spennande på loppemarknad før..? Eg bare spør. No er det altfor mykje folk, og altfor lite å finne. Albuar og travle skattejegerar. Då er det bra at kafeen er full av gode kaker og kaffi, og plass å sitte ute i sola:-)

Så i mangel på loppefunn, får de heller sjå litt av tidlegare skattar. Det grøne stoffet var gardin på rommet mitt då eg var liten. Eg ELSKA det! Dikta masse historiar. Hadde ikkje lysst til å sovne for då kunne eg ikkje dikte meir...

Det høyrer med til historien at eg hadde kvit tapet med raude hjerter, og raud seng! Herlege fargerike 70-talet!

Ein liten gladgut som hjelper mamsen å holde orden i tekstilane..;-)


Den kvite lampen var faktisk loppefunn! Slå den! Fine lampen!

Ha ein fin kveld!