tirsdag 7. juni 2011

Rosebinding


Mens eg ventar på at den ekte sorten skal oppdage at det er blomstringstid, lagar eg roser sjølv. Ikkje så vakre og velluktande som dei der ute... Men dei gjer nytten enn så lenge.

Ikveld har eg og Harefrøken vore på syklubb ilag. Sygjengen hadde med størstejentene våre på sommaravslutning, og jentene fekk vere med å sy. Snakk om stas! Harefrøken laga seg i veske, eller ho begynte på ei veske, så var tålmodigheten slutt... Men veska blei ferdig med litt hjelp av mor. Og kjekt hadde me det, alle mann:-) Bilder kjem etterkvart.

Ha ein blomstrande kveld!