Dagens trykk er ein hjartenøkkel. Denne bør ikkje rotast vekk. Ikkje så farleg med dei andre nøklane, berre ein tar vare på denne.
Igår fekk bloggen min ein finfin pris frå denne skjønne bloggaren. Gjett om det gjorde meg glad! No må eg i tenkeboksen for å finne ut kva for 7 ting eg skal fortelle dykk...Om du leiter etter tiaraen din, eller baker bryllupskake - eller ikkje bryr deg om bryllupet imorgon i det heile tatt - ha ein fin fredag uansett!