mandag 8. november 2010

Eit lite vink

Blogging er ein forunderleg ting. Det er ikkje einsamt. Då eg begynte for eit år sidan, trudde eg ikkje at det skulle bli slik. To-veis. Dialog.

No veit eg. Eg har fått venner. Sjølv om eg ikkje har møtt dykk, kjenner eg at de gir meg feedback og støtte når eg treng det.

Blogging er eit overskuddsfenomen. No er det travle tider i Vestablikk-heimen. Men eg ville berre innom for å takke for alle gode kommentarar på forrige post. Det var tunge dagar. No smiler og ler Godguten igjen. Mor har slept ned skuldrane! Og - kommentarane dykkar gjorde godt!

Takk!

*No når eg ser desse to siste innlegga ser eg at det visuelle krystalliserer seg. Uro er svart/kvit. Det er vanskeleg å vere nyansert når ein er redd. Ro og tillit er fargar og nyansar! Og kanskje treng me kombinasjonen for å vere heile menneske?*