onsdag 17. mars 2010

Rips med fløte


Rips med sukker og fløte er det beste eg veit! Så glad vart eg då, då eg såg den nye butikken som hadde opna i Gågata i Bergen; Lille Rips!


Og gjett om det er ein søt butikk med ein kjempeskjønn eigar! Dei fører merker som ikkje fins frå før her i byen, som By Nord, Rie Elise Larsen og Tove Adman. For det meste danske og svenske produsentar - det kan eg like!

Mykje naturmaterialer, industri og etnisk-inspirert. Sengetøy med ekorn, knalloransje bokstavar(ja, eg måtte snope litt..)og lysestakar i betong. Leikent og herleg!


Ta ein tur innom, så denne butikken får eit laaaangt liv! Og blir ein kaffityrst av turen ut til gågata, kan ein berre gå rett over gata til Dromedar kaffibar etterpå!




Me snakkast!
Posted by Picasa