torsdag 26. januar 2012

Sikksakk liksom



Sikksakk, trekantar eller chevron - blogge- og interiørverda er full av dei. Og har ein noko å dekorere samt fin maling, kan ein lage sjølv. Kva som helst. Denne tretina er førstemann ut hjå meg. Og eg likar det! Har fleire idear som må prøvast ut - men det involverer ein viss Vestablikkmann, så me får sjå kva tid han kan hive seg rundt med stikksaga:-)

Enn så lenge - ha ein fin torsdag! Eg skal på nattevakt!

onsdag 25. januar 2012

Døgnvill


Sein kveld igjen - det er andre gongen på ei veke at eg snur til nattevaktsmodus. Ungane syns ikkje det er det minste rart at mamma kjem heim tidleg på morgonen, ei heller at ho jobbar ettermiddag og kjem seint heim. Slik er livet i helsevesenet.

Men ellers er ting ved det same. Spisebordet vårt f.eks. blir alltid dekka med dei same, umake blåtallerknane. Dei fleste er arva og nokre loppemarknadsfunn - men absolutt alle har ei historie. Eg likar det. Eg likar å ete middag på mormor sin gamle tallerken, eller frukost på ein tallerken eg kjøpte på loppemarknad i Uppsala. No og då kjem nye tallerknar til - og denne miksen med Meg-tallerkenen frå Donna Wilson syns eg var uventa og fin. Og det søte ansiktet er ein historie i seg sjølv, syns eg.

Ei god natt til deg! Eg sit oppe pittelitt til...

mandag 23. januar 2012

Til lading

Inspirasjonen er ikkje her. Den er sikkert andre stader. Ein fargerik latmannsrydding av rammer og slikt var alt eg fekk til å vise dokke idag. Men eg ligg til lading, og er sikker på at den kjem. Inspirasjonen altså. Imens kosar eg meg med andre sitt overskudd på Pinterest.

Ha ein fin dag!

fredag 20. januar 2012

Lufting


Januar
alltid eit behov for luft
for å reinske ut
rydde ut rotet

starte med nye ark
frisk januarluft i lungene

Inspirasjon
finn eg på Pinterest
følg meg gjerne her!

Ha ein fin dag!

mandag 16. januar 2012

Rapport


Mandag 16. januar:

Grå dag, men lyset kjem tidlegare og blir litt lengre.

Innedag med hostegutt og mellomstesøster. Heile huset som leikeplass - og det ser ut deretter.

Vaske- og ryddedag etter "juleferien" i Rogalandet. Høg vaskemiddelføring og ambisjonar. Dei blir neppe innfridd. Pyttsann. Med ein tørketrommel på laget blir klesvask uansett ein leik frå nå av!

Hekletrekket til krakken veks, utruleg nok. Takk Youtube!

Ergo: eg har mest å vere glad for - som vanleg:-) Håpar du har ein god dag òg!

torsdag 12. januar 2012

Ferm vår



Det er vår hjå Ferm Living òg. Og den nye kolleksjonen skuffar ikkje. Geometri og pastell er framleis fresht og lett å like! I like!

Fin torsdag til deg!

onsdag 11. januar 2012

Vårkjensle




Eg og dei to minste nyter rolege fridagar i rogalandet.

Idag fekk me til stor glede SOL, og vårkjensla kom på plass i same augneblinken. Skogen luktar mold og væte, men trea står klare med store, fine knoppar. Skattar blir plukka og laga om til ein vårkrans. Berre fordi me vil. Og fordi det nærmar seg vår. Jammen gjer det det!

Fin onsdag til deg!

mandag 9. januar 2012

Varm rundt hjarta


"Kalde hender - men varm rundt hjarta", pleide mormor alltid seie.
Heldigvis har ikkje ein frostig kropp noko å gjere med evna til empati, evna til å elske.

Det nærmar seg Valentinsdag - og kva er vel betre enn ei heimelaga gåve - laga av den slitne genseren, som duftar godt av deg. Til å varme kjæresten sine frosne føter. Så kan han både ha varme føter og varmt hjarta.

Om du vil lage: klyppe rommeleg etter mønster frå varmeflaska. Sy rette mot rette. Vreng, legg varmeflaska i, og tove alt i hop i maskinen på 40 grader. Om det ikkje blir nok, skrur du opp til 60 grader. Tørk, fyll i varmt vatn - og voilà - klar til bruk.

tirsdag 3. januar 2012

Å sette farge på


Når året ligg der, nytt og ubrukt. Eit kvitt lerret.
Kva skal ein bruke det til? Kva fargar skal ein sette på det?
Kva fargar vil det sette på deg?

Måtte berre dele desse bildene med deg
frå ein fantastisk interaktiv utstilling i Australia
"The obliteration room"
Kva skjer når du gir tusenvis av klistremerker til ein haug med ungar?
Dette

Ikkje ver redd for å sette den fyrste fargen på lerretet
Velg berre dei fargane du likar
Stopp i tide

Det blir eit bra år
2012
Det er eg sikker på!


Bilder frå GOMA