lørdag 30. oktober 2010

Haust


Vinden fins både innanfor
og utanfor

Men enno finn eg ein solvarm stein i hagen

torsdag 28. oktober 2010

Kartgodbit

Via Bloesom-bloggen fann eg idag dei nydelegaste kart, frå These are things. Eg er fullstendig fortapt i dei. Har herved ført verdskartet på ønskelista til jul..:-)

Her kan du sjå eit anna fantastisk kart, som står på den same ønskelista - samt forklaringa på kvifor eg er så glad i kart..

God natt til deg som er innom:-)

Puddel

Neida. Det er ikkje hunderasen det er snakk om, men musikk frå 80-talet. No er jo 80-talet heilt inne igjen, med klede og briller og slikt. Men desse velstelte karane kjem kanskje ikkje til å bli up-to-date igjen. Eller?

Men uansett så er dei eit herleg innslag i huset - eg smiler til(sjølvsagt ikkje av!) dei kvar dag!

Ha ein fin torsdag!

søndag 24. oktober 2010

King size

Lillebror veks, ingen tvil om det. Han er snart ettåring allerede, og kry som ein hane når han reiser seg opp midt på golvet og står.

Men mor sine syerier utan mønster kom litt ut på viddene denne veka. Sikkert på grunn av fullmåne og snø i oktober og slikt. Noko som likna mistenkeleg på ein boksershorts i babycordfløyel gjorde Vestablikkmannen litt nervøs. Så viste det seg at det berre var ei haremsbukse til Junior.

Jaja, størrelsemessig var det ein bommert! No spring fireåringen rundt i den, og er såre fornøyd. Så får eg heller prøve meg ein gong til, litt mindre denne gongen:-)

Ha ein fin søndag!

torsdag 21. oktober 2010

Glad

Desse tinga gjorde meg glad i dag:

- den skjønne vaskebjørnen til Darling Clementine.

- den nye selebuksa til Lillebror etter ekte 70-talsmønster(vel og merke med pittelitt justeringar)

- låg haustsol inn vindaugene(og fingermerkene la eg slett ikkje merke til...)

Lykke er å glede seg over dei små tinga. Ein fin farge, ein kompliment, ein printer som funkar.

Kva gjorde deg glad i dag?

mandag 18. oktober 2010

OK

OK - så er ferien over for denne gong. Den gjorde godt. Haustfargar som svei i augene. Haustvind som sopte vekk bystøvet frå innerste lungekrok. Haustmorgonar på blikkstille fjord. Haustsmakar - sopp, krabbe, plomme...Mmmmm!


OK - eg er kanskje ikkje heilt klar for surt, kaldt, mørkt. Men er veldig klar for innekos, talgalys og varme genserar! - og sjølvsagt inneprosjekt! JA! I massevis! Og no er eg i full gong med å planlegge julegåver. Veldig kjekt!

Tusen takk for alle koselege kommentarar de legg igjen! Eg blir hoppande glad for kvar minste helsing!

Ha ein OK mandag der du er!

fredag 8. oktober 2010

Ferieklar

Det nærmar seg ferie. Vestablikkheimen er i pakke-modus. Pakke for frost, regn og indian summer. Kven veit i oktober.

Ei heil veke fri. Sleppe ned skuldrane og puste litt. Vere masse ute. Vasse i tørre haustblader. Leite etter sopp. Klatre etter dei siste plommene. Samle så mykje D-vitaminer ein kan! For snart er Fru Vinter her med sølvkappa si. Men ikkje heilt ennå.

Kanskje du skal ha pittelitt ferie òg - i alle tilfelle; ha ei strålande
helg!

*Ja, dukkemora er faktisk meg - for maaaaange år sidan - egentleg i gamle dagar - som ungane er begynt å sei:-)*

mandag 4. oktober 2010

Trekvit under tvil

Eg veit jammen ikkje heilt. Kanskje.

Det er trenden med ubehandla treverk som gjer meg litt usikker. Kanskje eg likar det litt? Men helledussen - med 80 og 90-talet friskt i minne, og furu everywhere - så kjenner eg at det kanskje er litt tidleg. Kanskje eg kjem til å like det. Om ein to års tid. La det berre få lov til å modnast litt.

Enn så lenge vurderer eg å la lysestaken som eg fann på loppis, forbli trekvit. Eg er sterkt i tvil. Men kanskje...

lørdag 2. oktober 2010

Vreng og stapp

Her er det fin lørdag med boller, kaffi og innekos. Ute er sola bytta ut med regn. Men pytt - me har samla D-vitaminer for lange tider no. Då tåler me litt godversregn. Og er det forresten noko som luktar betre enn våt haustskog?


Igår vart det ny kjole på Mollemor. Nydeleg lillafarge frå eit dynetrekk, og med for i mjuk rosa flanell. Deilig og varmt. Godkjent av den vesle damen.

Faktisk er eg så facinert av nyerverva innsikt, at det meste blir fora, enten det er nødvendig eller ei... Vreng og stapp. Om igjen og om igjen. Bakfram og oppned. Ein kan bli litt svimmel av slikt, og av og til kjem det heilt ut av kontroll...

Men godt det går mot kaldare tider då - så klede med for kjem til sin rett:-)


Ha ein fin lørdagskveld!