tirsdag 29. mars 2011

Tirsdagsskjørt



Her i huset kan ein ikkje lage ein av kvar ting. Då blir det bråk. Dermed blir det sjølvsagt skjørt til Mollemor òg. Dette var veldig raskt å lage, med blått stoff frå Åhléns, ribb frå Lageret(slang for Stoff & Stil) og litt dyrebart gammalt laken til lommar.

Ha ein flott tirsdag der du er!

Eg har problemer med Blogspot for tida. Må ofte eksportere bildene for at dei skal vise i innlegget, der eg før berre kunne blogge dei via Picasa. Og viss det virkar, så får eg ofte ikkje opp bilde i bloggrullen. Nokon som har ei løysing på dette..?

mandag 28. mars 2011

Påskeklar



Ein heil månad igjen til påske. Eg er klar no, eg!
Klar for loppemarknad òg
Klar for lysare, grønare, varmare
Klar for VÅR!

Ha ein fin nesten-vårdag!

fredag 25. mars 2011

Dagen derpå


Det er dagen etter Stoff og Stol. Stoff, symaskinar, latter, gjenbrukssnakk, 30 glade damer. Gjett om det var påfyll på GLAD-tanken!

Idag er det ryddedag, vaskedag, kvilepittelitt-dag. 40-års-bursdag(ikkje meg!) Lage-jordklode-dag. Stor og kvit, som skal vere del av scenografi til ein barnekonsert om miljøet og skaparverket. Gler meg masse!

Har som dei fleste andre mammaer dårleg samvittighet for alle tinga eg ikkje rekk over. Som trening f.eks. Men kjenner at å vere i eit kreativt rush gir meg MASSE energi og påfyll òg. Mest så det boblar over..;-) Så får andre ta seg av jogginga...

Ha ei flott og boblande helg!

onsdag 23. mars 2011

I love styggvakker


Ja, ikkje heilt enkelt å forklare kvifor. Eg har alltid elska det styggfine. Det som ikkje fell heilt inn i kategorien vakkert, men nesten tvert imot. Kanskje det er behovet mitt for ikkje å blindt følge straumen - etter oppveksten min med sau?

Ta dialektar f.eks. Dess meir syngande og rart - dess betre. Går det ein skotte, ein nederlender eller ein frå Skåne på gata - så bli ikkje forundra om du finn meg smygande ein halvmeter bak for å trekke inn styggvakkert! Eg blir direkte i godt humør av å høyre litt smekker dialekt!

Oppkøyringa til morgondagens Stoff og Stol er i full gong. På kjøkkenbordet er ikkje ein ledig millimeter å oppdrive. Mjo...kaffikoppen får vel plass!

Ha ein glitrande og styggvakker dag!

tirsdag 22. mars 2011

Tirsdagspimp


Eit solskinnskjørt til Harefrøken frå Fretex, pimpa med nye lommar, kroklisser og ny knapp. Klar for nye eventyr. NÅ er me klare for våren, nå!

Ha ein strålande tirsdag!

mandag 21. mars 2011

Stoff og Stol


Ja, som tittelen henspeiler på - det handlar om stoff... Det handlar om bydelen min og lokalt miljøengasjement, "Bærekraftige liv på Landås". Her skjer det mykje på mikronivå, som potensielt kan forandre verda. Her er felles vedhogst, kjøkkenhagar og juleverkstad. Sosiale engasjement som alle bidrar ørlite til ein bedre verden - med kortreist og egenlaga mat, ved og julegåver. Eg trur på handling. Dei små tinga som kvar av oss kan gjere. Kvar dag. Denne "bevegelsen" hjelper oss å bli bedre på dette. Og ha det gøy på same tid!
No på torsdag blir det avspark i den fyrste i ei rekke verkstadkveldar, denne kvelden med redesign eller gjenbruk av stoff, og eg skal vere med og "inspirere"...
Kanskje ser eg deg der?

søndag 20. mars 2011

lørdag 19. mars 2011

ABC


Igår kom den finaste ABC-plakaten i posten, til stor glede for bokstavelskande i alle aldrar her i huset:-) Danske MiniMega har masse fine kort og plakatar - og så trykker dei på 100% gjenbrukspapir! I like!

Ta gjerne ein sving innom butikken og bloggen deira!

Fin helg til deg!

fredag 18. mars 2011

onsdag 16. mars 2011

søndag 13. mars 2011

ok

Å gå til jobb
ein tidleg, tidleg morgon
fuglesong og dansande snøflak
Rare, rare mars

fredag 11. mars 2011

Kule kuler


Diggar fine, ubehandla trekuler. No har eg endeleg fått somla meg til å lage ein lekker bordskånar, slik som Rina og Fru Fly. Kjempelett å lage! Endå fleire prosjekter er på veg med kuler - viss det går vegen...
Her kan du sjå ein annan nydeleg variant, i filt!
Så er det jobbehelg igjen. Eg pakkar snart snippsekken og begir meg ut i snøen. Ha ei flott helg, alle bloggevenner!

torsdag 10. mars 2011

Vinnarane


Då er vinnarane klare - tadada:

Unni Strand vann fyrstepremien, som altså er Fri-bildet.

Randi i bloggen Små ting fra mitt hjerte og sinn, vann trøstepremien, som er Lukt av Regn-bildet.

Ta gjerne turen innom desse bloggedamene - det er vel verdt turen:-)

Gratulerer, damer! Send meg ein mail med adressa dykkar, så kjem det ein pakke i posten etterkvart!

Det har vore kjempeartig å lese dei vårlege kommentarane dykkar! Takk for det! For midt i snø og vind og våte sko - så har eg fått skikkeleg vårfølelse! Kjensla av lette vårsko, sol og bar bakke! I like!

God kveld!

Om nokon skulle lure, så har eg brukt Random.org for å finne vinnarane, og har hatt ein mann med stødig rettferdighetssans sittande på skuldra...

Siste sjanse...



...til å få seg eit lodd på basaren min. Ikveld trekker eg kven som får Fri-bildet. Vil du vere med - så legg gjerne igjen ein kommentar om kva våren er for deg. Det kan du gjere på det opprinnelege innlegget.

No skal eg ut og gå i nysnø, som eg håpar har tenkt å fly vekk snart... Treng våren. No.

Ha ein flott nesten-vår-dag!

onsdag 9. mars 2011

Augefryd


Litt augefryd på ein heilt vanleg onsdag. Ein heilt vanleg, litt småsur onsdag i mars.

Men våren er i rute. Eg har sett snøklokker. Våren er på veg!

mandag 7. mars 2011

Kilta

Desse finnane har budd hjå oss i fleire år no. Dei er knallgode å sitte i, og er designa av Olli Mannermaa i 1955. No ynskjer fire stykker av dei ein ny heim. Kanskje dette er stolane DU ser etter? Send meg gjerne ein mail dersom du er interessert:-)

Ellers nærmar basaren min seg. På torsdag trekker eg den som får Fri-bildet. Vil du vere med - så legg gjerne igjen ein lyd her...

Fin tirsdagskveld til deg!

fredag 4. mars 2011

Fin fredag


Så er det helg igjen, og fine fridagar ligg plutseleg bak oss. Dei gjekk så fort! No skal me rånyte dei siste dagane, og så gå på jobb på mandag med nyvunnen energi og pågongsmot. Trur eg...

For me har fått leika, lest, malt inne, jobba ute, strikka litt, heia litt. Bållukt i nasen, heftgrunn i håret og sjokolade i magen. Ja, me har hatt det flott!

Håpar du har det flott òg!

torsdag 3. mars 2011

Vårdag

Berre ein snartur innom for å uttrykke gleda over at våren er på veg! Me nyter vinterferien i nydeleg vårver i Rogaland, idag med skogrydding, bålbrenning og middag ute. Det gjorde veldig godt for ein vinter- og bytrøtt sjel. Kjeledress, ekte skit og solvarme i fjeset. Har leita forgjeves i speilet etter fregner på nasen, men det gjer ingenting. Dei kjem. Snart!

Fin kveld til deg!