mandag 1. november 2010

Barnestrek

Eg er så glad i barnestrek. Ungar er så impulsive, så lekne - i full fart kan dei ha eit bilete klart. Og så er dei modige - dei er ikkje redde for å fylle eit ark.

Eg trur det er lov å styre ungane litt i det dei driv med. Ofte vil eit bilde bli litt rotete eller mørkt, dersom dei får mange fargar og god tid. Viss ein gir dei færre fargar og lærer dei å blande litt sjølv, kan dette vere vel så kjekt.

I tillegg "stoppar" eg dei av og til. Særleg dei minste. Dei fyrste strøka og med få fargar kan bli utruleg flotte! Ofte så fine at dei fortener ein plass på veggen!

Men av og til får eg likevel ein følelse av at eg gjer noko gale når eg styrer dei slik. Eg vil jo helst ikkje øydelegge noko av kreativiteten deira. (Det skal seiast at eg ikkje gjer dette så ofte..)

Kva tenkjer du om dette?