torsdag 27. oktober 2011

Kjenne på livet


Nye utfordringar
ilag med menneske som brenn

Våge seg utpå
Ut av komfort-sona

Livet
med kvite skumtoppar på

Eg likar det.

søndag 23. oktober 2011

Mi årstid



Blesten syng framleis - hovudet er fylt til randen av godlyder; susing i gule tretoppar, rasling i tørre blader på bakken, barnelatter. Lauvkrig med den fine gjengen min. Så godt for både auge, øyre og hjarte. Eg har lagra det på den interne harddisken. Til å hente fram igjen når vinteren blir for grå og kald. Til å lune seg på.

Fin søndagskveld til deg!

lørdag 22. oktober 2011

Fødselsdag



Idag er Vestablikkmannen sin dag! Ennå ung - men litt eldre enn på den øverste teikninga her, som vart laga til bryllupsdagen i 2000.

Gratulerer med dagen - du er den aller beste!

God helg til deg som er innom!

torsdag 20. oktober 2011

Innespurv



Dyra er visst i fleirtal hjå oss. No er òg ein spurv komen, og sit fullstendig harmonisk ilag med musa, som kikkar ned på det beitande rådyret. Ungane syns ikkje det er det minste rart heller, dei er vande med små venner som dukkar opp her og der...

Spurven er klipt ut i svart papp og sett opp på veggen med lærarkitt. Enkelt og greit. Minimalt med energibruk, noko som passar meg godt no om dagen...

Fin dag til deg!

onsdag 19. oktober 2011

Inspirerande kveld


Gårsdagen var ein svært vellykka inspirasjonskveld! Slik måtte det jo bli, når miksen er Brigitta, eit knippe engasjerte Landåsdamer og eit utruleg lekkert skulpturmuseum!

Brigitta viste og fortalte om mange fantasifulle og kreative gjenbruksprosjekt. Filosofien hennar er å lage sjølv, istaden for å kjøpe nytt. Det kan gjerne koste minst mulig. Ho let seg inspirere av designarar og ting ho ser. Svært inspirerande! Takk, Brigitta!

Etterpå vart det fri hekling, mingling og kaffidrikking. Og den gode praten gjekk heilt i det høge taket på det flotte museet!

tirsdag 18. oktober 2011

Slow days og Redesign Landås


Jajasann. Dagane går, og formen går sakte i rett retning. Om enn det kjennes lite produktivt å vere sjuk - så har eg iallefall fått produsert ein beskjeden haug med bestemorruter. Nå når rutene går utan problem, tenkte eg at eg skulle forsøke meg på desse fine stjernene, som snille Loppelilla la ut ei bildeoppskrift på igår! Det nærmar seg tross alt jul...

Ikveld er det ny inspirasjonskveld med Redesign på Landås - og då kan me lokke med at flinke Brigitta frå bloggen Brigg kjem på "show and tell"! Gler meg stort til det! Ryktet seier at det blant anna blir litt fresk hekling der òg. Heklenåla er i vinden som aldri før gitt!

Stort velkommen til deg som vil!

Min nye poster frå Egg Press - love it!

mandag 17. oktober 2011

Blide småtroll


Eg er utan tvil ein barnsleg sjel. Eg likar enkle teikningar, gjerne frå ei ivrig barnehand. No når 5-åringen endeleg har begynt å teikne figurativt - blir mange av dei sjarmerande "trolla" hengt opp rundt omkring. Denne er så blid - at det er umogeleg å la vere å smile tilbake! Akkurat som artisten faktisk!

Fin mandagskveld til deg!

lørdag 15. oktober 2011

På hell


Ute ein ørliten tur
for å trekke inn sylskarp haustluft
i rekonvalesens-lunger

Fargar, lukter og lyder
Alt høyrer hausten til
Alt er godt

torsdag 13. oktober 2011

Inneferie



Haustferien nærmar seg eit slags punktum, og det kjennes litt tomt. Eg har slitt med eit innpåslitent virus i ei vekes tid no, og har ikkje fått nyte dagane. Trøysta er at dei andre er hoppande friske, og er ute heile tida. Idag har jentene vore med bestefar på hummarfiske, og det var stor stas! Blankstille og solblenkande fjord! OG fangst! Haust på sitt beste!

Ifjor var eg med papsen på sjøen, nesten kvar dag i ferien. No set eg dei minnene på replay!

Håpar du har det bra der du er!

søndag 9. oktober 2011

Ny dille

Jammen meg går det an å lære hekling ved hjelp av gode kollegaer og på Youtube - takk for tipset, Pøbelen! Det ser ut som hekling er den nye bloggedilla, her i huset er det iallefall blitt det. 7-åringen er òg hekta. Er det bra eller dårleg at garnbutikken ligg rett nede på hjørnet då..?

Fargane i desse bestemorrutene er sterkt inspirert av eit teppe eg såg hjå Dottie Angel for lenge sidan. Det klarte eg ikkje å gløyme. Har du ikkje vore innom henne, anbefaler eg ein tur innom hennar kreative univers!



Fin søndag til deg!

Dei to nederste bildene er lånte frå Dottie Angel.

lørdag 8. oktober 2011

Augefryd









"Noens unge"
"Vil du hugsa meg?"
"Vil du hugsa meg ll"
"Barn og mor"
"Gud har høyrt"
"Lyft meg mot himlen, du makt i mi makt"
"Tapt minne"
"Bera saman"

Alle bildene er av talentfulle Lina Valland Lyngset.

God laurdag til deg! Eg held senga idag...

torsdag 6. oktober 2011

Haustsøm


Haust og syinspirasjon. Det blir ein kjole til nydelege I. Av mammaens gamle og høgt elska gardiner. Gjenbruk er stas! No får me berre håpe dottera syns det er like stas.

Syklubb igår og Redesignkveld idag. Hu-hei kor det går:-) Haust er fint!

Fin torsdag til deg!

søndag 2. oktober 2011

Øyeblikk

Dette er mitt bidrag til den fyrste fotokonkurransen til nye Øyeblikk - ei inspirasjonsside for oss som diggar å fotografere! Flinke Stine og Marielle er sjefar her - ta gjerne ein tur innom dei flotte bloggane deira òg!

Fin søndagskveld til deg!

Lytt meir til vinden



"Lytt meir til vinden enn til folk", seier Bjørg. Ho meiner at ein må finne ein stad inne i seg, der ein kan høyre sin egen stemme. Og at det er nødvendig for å kjenne seg sjølv. Reflektere over eige liv, over kva ein ynskjer, kva ein har eller ikkje har.

Eg trur ho har rett. Eg treng vinden. Eller stillheten.
Til å kjenne etter. Til å høyre at hjarta slår. Då er eg.

Eg er glad i vind. Altså verkeleg vind òg. Den er eg oppvaksen med, den er ein venn. Vind som ruskar i håret, vind som lagar verdas beste lyd i tretoppane. Alltid den same gode kjensla. Då er eg heime i mitt hus.

Håpar du får ei helg med vind. Eller stille.