fredag 30. september 2011

Blomst

Berre ein liten rosa fredagsblomst til dokke!
- for innspel og kommentarar, for nye følgerar!

Takk!

tirsdag 27. september 2011

Pittelitt provosert

Let's face it: eg er ikkje den som lettast blir provosert. Men trendar og "det einaste rette" predika frå menn i designstolar kan eg bli lettare varm i toppen av.
Unike ting krydra med design er mantraet no. Det einaste rette. Men dette er òg ein trend. Det vil komme nye trender, nye mantraer. Dei same mennene i designstolane sine vil om fem år le av unike ting krydra med design. Dei kjem til å snakke vissvass då, som nå.

Det som er viktig er smak. Og den er forskjellig. Heldigvis. Alle treng ikkje følge trendane. Heldigvis.

Så viss du har ein heim du faktisk likar - så hald fast ved den! Uansett kva sjølvutnemnde guruar seier.

mandag 26. september 2011

Det beste

Det aller, aller beste frå messa:

Bjørg Thorhallsdottir, kunstnar, verdensborgar og klokt, klokt menneske.
Som snakka om mot, om magefølelse, om å møte andre med kjærlighet, om å stupe.
Om sorg, om styrke. Om å vere midt i livet, om å velge livet!
Takk Bjørg!

God og seriøs kaffi frå Kaffemisjonen.

Vestablikk-dikt på Bloggeria-collage.

Bloggefrukost! Deilig musikk og mat, samt kjente og ukjente bloggevenner. Neste år treng me berre litt meir tid, Trude;-)

Krakkar med varme føter. Sympatisk.

Ha ein fin mandagskveld!

søndag 25. september 2011

Sorterer



Ei innhaldsrik helg er over. Bergen har fått si eiga interiørmesse. Med stor I faktisk. Gratulerer til Trude med vel gjennomførte flotte dagar! Det har vore kjempefin bloggefrukost ilag med kjente og ukjente bloggedamer, flotte stands, trender, fargar, god kaffi, sosiale møteplassar og fine foredrag.

Det har vore ting, mykje ting - til òg med litt overload...

Nå er det sorteringstid. Eg er full av inntrykk. Noko var fantastisk - noko direkte provoserande. Meir kjem etterkvart:-)

Men framfor alt; kjempegøy var det!

fredag 23. september 2011

Luftetur


Nå stikker snart kameraet og eg. Interiørmessa åpnar idag. Hurra!

Fin helg til deg!

onsdag 21. september 2011

Snart jul



Neida. Heldigvis er det ei god stund til jul. Men lik som blant anna Kjersti har mange starta juleforberedelsane allerede. Eg òg. Eg vart til og med beskyldt for å ha starta julebaksten her ein dag - men så ille er det ikkje...

Midt på høgsommaren laga eg ein illustrasjon til julespelet til menigheten. Den er no trykka opp til flyers. Kjempeartig prosjekt - håpar på fleire slike...

No skal eg avgårde på eit anna spennande prosjekt! Fortsettelse følger...

Fin onsdag til deg!

tirsdag 20. september 2011

Joda

Joda. Eg er her. Heilt klart. Om enn snylte forkjøla. Om enn i overkant mange prosjekt på gang. Som vanleg... Eg har nytt ein liten bloggepause. Har ikkje eingong kommentert fine postar rundt omkring, har rett og slett berre mottatt inspirasjon. Ikkje gitt tilbake. Tanken er å snart bidra litt meir igjen!

Helga nærmar seg, og Interiørmessa likeså! Gler meg! Det blir kjekt å møte mange av dokke, få inspirasjon, ta bilder +++
Her i heimen er forberedelsar godt i gong;-) Litt hemmelegheter er det vel lov å ha..?

Fin tirsdag til deg!


torsdag 8. september 2011

Tiger

Ikkje alt er som du trur.

*filosoferer*

Funkler

Norske Funkle har kome med nyheter. Årets kolleksjon heiter Gullfuglen, og fortel historia om industriutviklinga i Norge på 30-talet. Var du gifteklar og fann deg ein ung mann i industrien - hadde du skote gullfuglen...

Vakkert, ikkje sant?

Fin torsdag til deg! Her blir det feiring av 7-årsdag!

onsdag 7. september 2011

Farge for ein grå dag

Nokre dagar treng litt ekstra farge. Slik som idag. Regn i metervis. Framleis ventande på bedre nyheter. Då gjer farge godt. Gjerne skikkeleg knæsj mot meir avbalanserte fargar. Neon og pastell er er flott kombinasjon. Sjølv om det rykker litt i 90-talsfoten...

Fin kveld til deg!

søndag 4. september 2011

Messetid

Dette har eg gleda meg til lenge
Ei eiga stor interiørmesse for Bergen
Helga 23. - 25. september

Lørdag 24. blir det frukost for oss bloggarar

Eg kjem
Kjem du?

Bildet er lånt frå messa sin blogg
Strikkeklokke og stumtjener av Siren Elise Wilhelmsen

torsdag 1. september 2011

Du kan


Kom september.
Kom med høg, gjennomsiktig himmel, tørre gater og dansande lauv. Kom med ein lun genser og eit tent lys. Kom september med bugnande frukttre og grågås som pratar og ler.
Kom september med skog i brann.

Kom september.
Eg veit du kan.