lørdag 28. august 2010

Orden i sysakene

Eg fann endeleg eit symaskinskap. Stakkars Elna har dei siste månadane stått og støva på soveromsgolvet, ilag med anna rot. Ikkje det at ho får stå i ro så lenge. Men ein hardtarbeidande liten maskin fortener vel noko bedre enn å sove med kamelar..? (Kamelar er altså hybelkaniner, men meir veletablerte og større)

Skapet sto ikkje akkurat og skein på Fretex. Gulkvit maling og laus plate. Men det er utruleg kva litt fresh maling kan gjere. No er eg storvegs fornøyd med kjøpet. Elna òg.

Og det beste av alt; no er soveromsgolvet berre golv igjen. Ikkje lagerplass for allverdens prosjekter. Godt med ro på soverommet!


Ha ein fin kveld!