mandag 28. februar 2011

Kvilepuls




Vinterferie i heimen! Tid for avkobling. Tid for ei kaffistund når-som-helst - fordi ein vil. Tid for prosjekter . Tid for kvarandre.

Eg har til og med begynt å strikka. Eller spøta, som eg burde sagt. Eg er veldig glad i dialekta mi, men den er avslepen no. Etter år med spørjande blikk og "Kva sa du?" - så legg ein motvillig frå seg dei frodigaste orda. Desverre. Men eg kan heldigvis enno. Alle orda. Ordrikdomen. Eg må ikkje gløyme.

Tur til Fretex idag resulterte i både innskot og uttak. Som vanleg:-) Ein fin, gul kopp ropte på meg, det same gjorde bildet med jente og hund.

Håpar vinteren er snill med deg! Her letta skodda idag, og openberra ein vinter(vår?)idyll. Sol og kaffikos ute! Herleg!

Du kan framleis vere med på basaren min - berre legg att ein kommentar om kva VÅR betyr for deg. Det kan du gjere HER.