mandag 30. juli 2012

Blått og godt


Dagens fangst 
i Blåbærskogen

Vår egen vesle skog
midt i byen
der ingen andre 
finn bæra våre!

Vi er vel heldige!

søndag 29. juli 2012

Fødselsdag og trallala



Framleis ferie
og lite som skjer her

Men idag 
er det fødselsdag 
hurra!

Dagen har vore så fin!
Me har vore på tur
og eg har kosa meg 
med mi nye 
50 mm linse
som eg fekk av 
snillaste mannen!

Eg sit her med eit glas raudt
Det fresar på kjøkkenet
og snart ventar
skikkeleg italiensk 
risotto

DET er godt, det!

Fin kveld til deg!

tirsdag 17. juli 2012

Kven bryr seg om veret?


Ferie i kjente 
trakter

familie
roser 
og god mat

Kven bryr seg vel
om veret?

---

*Eg har inntatt ein lett ironisk og non-chalant haldning 
til sommarhimmelen og gradestokken. Kanskje det hjelper?*

onsdag 11. juli 2012



Lang tids frustrasjon 
ser ut til å snart vere historie
Uskarpheten i bileta mine
har eg trudd var Blogger
men viser seg å vere 
kameraet sjølv

Bileta ikveld taler eit tydeleg språk:
skarpe som berre det
med det gamle kameraet...

Eg pustar letta ut
over at det svake leddet 
endeleg er oppdaga

Då er det håp for gode bilete igjen!

tirsdag 10. juli 2012

Små kunstverk





Eg elskar barneteikningar

den enkle streken
ubeskjeden
sikker
fargerik
uttrykksfull

Funderer på å lage 
ein mobil
med dei herlege figurane

Kva trur du?

mandag 9. juli 2012

tirsdag 3. juli 2012

God morgon





Mens kroppen vaknar
og hovudet klarnar etter nattevaktshelg
Seier eg godmorgon!

Håpar dagen er snill med deg!

Her er det rydding av hus, planlegging av tur til helga
og eit spanande møte i ettermiddag!
Fin dag!

*Dei litt kalde morgonbildene gjenspeglar sommartemperaturen her til bergs no for tida, men er òg kameraleik med kvitbalanse på barnerommet! Vil du lære meir om det, sjå Stine sin fine blogg!*

mandag 2. juli 2012

Å ikkje vite



Femåringen som hjelper mamma med å strippe den gamle lampeskjermen, 
er litt usikker:

"Mamma - kva gjer me?"
Og mora benyttar nok ein anledning til å indoktrinere:
"Lagar noko nytt av noko som er ødelagt. Det er veldig lurt"
"Blir det fint?"
"Ehm... DET veit me ikkje ennå"

Og ho som nesten er slutta å fundere over mammaens mange pussige påfunn, 
syns svaret gir meining. På eit vis. Så får me sjå, om det til slutt blir noko fint. 
Blir det noko rart, er det minst like bra. 
Det er femåringen og mammaen hennar heilt einige i!