torsdag 11. mars 2010
Englesverm
I påvente av påskeegg og harar og slikt, har englane inntatt dei spirande greinene i gangen.
Dei får lov å bli. Ei stund iallefall.
onsdag 10. mars 2010
Norgesglas
Norgesglas, glansbilete og gamle boksar. Få ting set meg meir tilbake i tid.
Vamp syng om "et norgesglas med tretten humler i.." Det hugsar eg òg godt frå min barndom. Mine besteforeldre hadde bier. Og mykje blomar. Og masse frukttre. Dermed kunne det til tider vere ganske folksamt i lufta i hagen deira. Det var jo reine godtebutikken for dei med venger.
Så på bordet i hagen sto det ofte eit syltetøyglas med litt saft i. For å ikkje bli for omsverma når ein sette seg ned..
Ha ein fin onsdag!

tirsdag 9. mars 2010
Stor dag!
Så er dagen over, og me pustar ut. Fint å ha arrangert noko ein er nøgd med! Alle var nøgde - hovudpersonen sjølv var ei solstråle - som vanleg!
Og for dei som lurer på om me bur så lekkert til vanleg: me fekk låne hus av gode vener! Hurra for dei!
onsdag 3. mars 2010
Papirdukker
Bordkorta til dåpsfesten er ferdige, og heile slekta er på plass på bordet mitt. Litt klipp og lim, og laminering til slutt - og voila! Det er nesten så eg får lyst å leike med papirdukker igjen... Med litt silkeband skal dei henge rundt stetten på glasa, og så har alle sitt glas for dagen. Dåpsbarnet sitt bordkort får henge på puppen:-)
Så kan eg krysse av ein ting på lista..;-)
Ha ein fin onsdag!
tirsdag 2. mars 2010
Smugkikk
Her i huset forbereder me dåp no om dagen. Idag såg kjøkkenbordet slik ut. Imorgon skal eg vise kva eg driv på med.
mandag 1. mars 2010
søndag 28. februar 2010
Nydeleg!
Det danske firmaet Ferm Living har lenge vore ein favoritt hjå meg. Dei lagar flotte grafiske tapet, wallstickers og sengetøy, noko av det i retro stil.

Ein annan favoritt er den norske duoen i Darling Clementine. Dei er to grafiske designarar, og lagar kreative, retroinspirerte kort.

Så har dei to favorittane slått seg ilag til ein - iallefall for ein prøvekolleksjon! Og resultatet kan du sjå under her! Ferm Livingputer med Darlingane sine Marionettefigurar! Kjempefine!

Darling Clementine sine kort kan kjøpast via Etsy-butikken deira.
Fortsatt fin søndag!
Bileta er gjengitt med tillatelse.

fredag 26. februar 2010
Lotta Jansdotter
Ein ekte suksesshistorie, om den svenske jenta som flytta til USA og no brødfør seg med eige design. Sjå henne på Youtube under her, og kikk gjerne litt på den inspirerande nettsida hennar òg!
Lotta har gitt ut fleire bøker, blant anna den under, som er kjempefin! Den kan kjøpast her.

God fredag!
Lotta har gitt ut fleire bøker, blant anna den under, som er kjempefin! Den kan kjøpast her.
God fredag!
torsdag 25. februar 2010
Gløtt frå barnerommet
Me bur på liten plass. Tre små og to store. Det er alltid noko som skulle vore rydda, sortert og satt vekk i ein bod.
Då er det lurt å ta litt bilete når det for ein gongs skuld er ryddig. Slik at ein faktisk ser korleis det kan sjå ut!
Barnerommet er såpass lite, at me har vald å ikkje ha leiker der. Då blir det ein fredelegare stad å sova. Trur me!
Men så skal det jo seiast då, at me kvar kveld dreg puslespel, bøker, bamsar og sko vekk frå under Lillemor, som elskar å sove med senga full... Så det er kanskje mest mor og far sitt behov å rydde rommet før leggetid?
Ha ein fin dag i vinterland!
onsdag 24. februar 2010
Abonner på:
Innlegg (Atom)