mandag 7. november 2011

Fargelaust?



Å - kor eg likar sarte, monokrone, naturlege interiør. Svart-kvite eller kvit-kvite interiør der teksturane får spele ei viktig rolle. Ro for auga, kvile for pulsen. Nydeleg.

Men så må eg realitetsorientere meg innimellom. Hadde eg klart å leve utan farge? Utan energien fargane gir meg? Neppe. Eg treng farge. Kvar einaste dag.

Fin kveld til deg!

torsdag 3. november 2011

Litt gjenbrukshistorie


Etter sommarferien kom svigermor med desse nydelege stoffene til meg. Dei var henta ned frå loftet til Grandma. Det er feedsacks, som hønsefor og mjøl og allslags varer blei selde i på 50- og 60-talet i USA. Nevenyttige husmødre sydde dei om til klede, til og med bikiniar har visst blitt til av desse stoffa. For ein fantastisk måte å tenke gjenbruk på! Ved å bruke så vakre stoffer til emballasje, sikra ein at dei levde vidare! Eg seier bare; tenk om ein kunne kjøpe mjøl og kaffi i slike feedsacks nå for tida... Dagligvaren hadde jo vore reine stoffhimmelen:-)

Fin kveld til deg!

tirsdag 1. november 2011

Snartur


Berre ein snartur innom for å sei hei! Det er travle tider - julespeltravelt. Mykje folk i sving, ungar og vaksne, amatørar og proffar. Det blir stort! Eg jobbar med kostyme og scene, det er både utfordrande og artig.

Joda, jula nærmar seg med sjumilssteg. Hurra og huttetu:-)

Fin kveld til deg!

torsdag 27. oktober 2011

Kjenne på livet


Nye utfordringar
ilag med menneske som brenn

Våge seg utpå
Ut av komfort-sona

Livet
med kvite skumtoppar på

Eg likar det.

søndag 23. oktober 2011

Mi årstid



Blesten syng framleis - hovudet er fylt til randen av godlyder; susing i gule tretoppar, rasling i tørre blader på bakken, barnelatter. Lauvkrig med den fine gjengen min. Så godt for både auge, øyre og hjarte. Eg har lagra det på den interne harddisken. Til å hente fram igjen når vinteren blir for grå og kald. Til å lune seg på.

Fin søndagskveld til deg!

lørdag 22. oktober 2011

Fødselsdag



Idag er Vestablikkmannen sin dag! Ennå ung - men litt eldre enn på den øverste teikninga her, som vart laga til bryllupsdagen i 2000.

Gratulerer med dagen - du er den aller beste!

God helg til deg som er innom!

torsdag 20. oktober 2011

Innespurv



Dyra er visst i fleirtal hjå oss. No er òg ein spurv komen, og sit fullstendig harmonisk ilag med musa, som kikkar ned på det beitande rådyret. Ungane syns ikkje det er det minste rart heller, dei er vande med små venner som dukkar opp her og der...

Spurven er klipt ut i svart papp og sett opp på veggen med lærarkitt. Enkelt og greit. Minimalt med energibruk, noko som passar meg godt no om dagen...

Fin dag til deg!

onsdag 19. oktober 2011

Inspirerande kveld


Gårsdagen var ein svært vellykka inspirasjonskveld! Slik måtte det jo bli, når miksen er Brigitta, eit knippe engasjerte Landåsdamer og eit utruleg lekkert skulpturmuseum!

Brigitta viste og fortalte om mange fantasifulle og kreative gjenbruksprosjekt. Filosofien hennar er å lage sjølv, istaden for å kjøpe nytt. Det kan gjerne koste minst mulig. Ho let seg inspirere av designarar og ting ho ser. Svært inspirerande! Takk, Brigitta!

Etterpå vart det fri hekling, mingling og kaffidrikking. Og den gode praten gjekk heilt i det høge taket på det flotte museet!

tirsdag 18. oktober 2011

Slow days og Redesign Landås


Jajasann. Dagane går, og formen går sakte i rett retning. Om enn det kjennes lite produktivt å vere sjuk - så har eg iallefall fått produsert ein beskjeden haug med bestemorruter. Nå når rutene går utan problem, tenkte eg at eg skulle forsøke meg på desse fine stjernene, som snille Loppelilla la ut ei bildeoppskrift på igår! Det nærmar seg tross alt jul...

Ikveld er det ny inspirasjonskveld med Redesign på Landås - og då kan me lokke med at flinke Brigitta frå bloggen Brigg kjem på "show and tell"! Gler meg stort til det! Ryktet seier at det blant anna blir litt fresk hekling der òg. Heklenåla er i vinden som aldri før gitt!

Stort velkommen til deg som vil!

Min nye poster frå Egg Press - love it!

mandag 17. oktober 2011

Blide småtroll


Eg er utan tvil ein barnsleg sjel. Eg likar enkle teikningar, gjerne frå ei ivrig barnehand. No når 5-åringen endeleg har begynt å teikne figurativt - blir mange av dei sjarmerande "trolla" hengt opp rundt omkring. Denne er så blid - at det er umogeleg å la vere å smile tilbake! Akkurat som artisten faktisk!

Fin mandagskveld til deg!