onsdag 5. september 2012

Vakre Stockholm







Fire dagar i finaste byen
ilag med finaste damene

Gapskratt
gode samtalar
kunst
mat
sykkeltur

Pur rekreasjon

Fin dag til deg!

---

Fuglekunst av Karl Mårtens ved Konst och Folk i Hornsgatan. 

tirsdag 4. september 2012

Planlegging


Me er i gong
med å planlegge 
vårt bidrag til messa

"Rørigt" og 
boblande kreativt
Me gler oss!

Her kan du lese meir om
"oppdraget" vårt

Ha ein fin dag!

onsdag 29. august 2012

Stylistkonkurransen








Ei garasjedør med gamle bilskilt frå USA
Litt norske epler(endeleg!)
Det gamle blomsterbordet
i ein ny og kledeleg farge
Litt raude detaljar
Adoptivguten vår, for anledninga med eple på toppen
(eg skal fortelje meir om han seinare..)

Dette er mitt bidrag til utfordringa til interiørmessa iår! 

Ha ein fin dag!

mandag 27. august 2012

Trist og takknemleg





Mandag etter ei trist og rar helg
Lang, lang kjøretur
for å vere med på 
begravelsen til ein venn

Noko av det tristaste eg har opplevd
Å sjå fire ungar
no farlause
Ei god venninne
enke

etterpå
lang, lang kjøretur
for å vere med familien
og ungane igjen

Ein blir så uendeleg
takknemleg
for alt ein har

Ikkje eingong brødsmular under bordet
kan vippe meg av pinnen
Ikkje denne veka iallefall...

---

Bildene ser kanskje ikkje umiddelbart ut til å ha noko med teksten å gjere. Det har dei vel ikkje heller. Men ein ørliten stopp på ein brukthandel langs vegen gav søte resultater, som dokke ser. I tillegg fann me ei forfallen løe som var svært fotogen, masse krekling, og mamsen fann kantareller. Nam. 

tirsdag 14. august 2012

Slumpesement



Nytt materiale - nye muligheter
stas å støype i sement

Veeeel...
eg anbefaler å følge den

Eg gjorde nemleg ikkje det
og måtte hamre ut
plastkoppen
med hammar og meisel

....

No må eg finne ut
korleis eg kan 
polere toppen
så den blir glatt og fin

So long venner!

søndag 12. august 2012





Helga mi er rosa
det er sjelden kost

etter intens leiting i arkivet
er dette alle rosa bilder 
som fins her...

Mollemor sitt bilde
nærmar seg ferdig
trur eg...

Ho er ein sankar
som mora
så eit bilde av når ho
sankar drivved i fjøra
passar godt

Håpar du har ei god helg!

mandag 6. august 2012

fredag 3. august 2012

Eksperiment


No som ferien snart er over
er kreativiteten på det ivrigaste
Som alltid
når det kniper på tid...

Eg har eksperimentert litt
med gel medium photo transfer
som det heiter så fint

Det er i praksis berre
ein måte å overføra foto
til lerret

Pittelitt hokus-pokus berre

Kanskje eg kan lage ei oppskrift etterkvart
dersom dokke skulle ønske det?

Fin helg til deg!

mandag 30. juli 2012

Blått og godt


Dagens fangst 
i Blåbærskogen

Vår egen vesle skog
midt i byen
der ingen andre 
finn bæra våre!

Vi er vel heldige!

søndag 29. juli 2012

Fødselsdag og trallala



Framleis ferie
og lite som skjer her

Men idag 
er det fødselsdag 
hurra!

Dagen har vore så fin!
Me har vore på tur
og eg har kosa meg 
med mi nye 
50 mm linse
som eg fekk av 
snillaste mannen!

Eg sit her med eit glas raudt
Det fresar på kjøkkenet
og snart ventar
skikkeleg italiensk 
risotto

DET er godt, det!

Fin kveld til deg!