mandag 15. mars 2010

Gjest: Mia Hamborg

Kanskje du gjenkjenner dette herlege bordet? Stablebordet til norske Mia Hamborg har gjort seg bemerka på fleire møbelmesser og for eit stort publikum. Bordet ser ut til å vere inspirert av dei klassiske Brio-leikene, og kan settast saman etter korleis ein måtte ynskje det! Og trass i at Mia framleis berre er student, har ho allereie skaffa produsent til bordet. Les meir om danske &Tradition her.

Mia er fyrstemann ut i gjesteserien min, og stilte sporty opp for eit lite intervju:

Kva er kreativitet for deg?

Kreativitet for meg er først og fremst å gjøre noe praktisk, lage noe. Gjerne uten noe fasit på hvordan det skal se ut. Prøve seg frem med ulike materialer, teste ting man ikke har testet før. Men også å la tankene surre i hodet rundt et prosjekt.

Korleis veit du når du har ein god idè?

Jeg vet når jeg har en god ide når jeg har funnet en løsning på et problem jeg har hatt. Jeg er veldig opptatt av system og orden, og når jeg finner praktiske, effektive løsninger på et oppbevaringsproblem (for eksempel et klokkeskap jeg laget til alle klokkene mine), gleder det meg stort! På en annen side vet jeg ikke om det har vært en god ide før prosjektet er ferdig og man får positive tilbakemeldinger om det. Man må prøve å feile for å vite hva som funker eller ikke. Jeg er veldig opptatt av å gå min egen vei, gjøre et prosjekt som jeg selv vil, til tross for hva andre mener og sier.

Kva tid er du mest kreativ?

Jeg er nok en sånn person som er strukturert kreativ...jeg må helst ha ro rundt meg og sitte alene og tenke rundt et prosjekt. Ideer kommer gjerne til meg når jeg skal sove om kvelden. Når det gjelder ideer for oppbevaringsløsninger eller praktiske system, kommer de gjerne i forbindelse med en samtale med en annen eller egne erfaringer.

Kva treng du rundt deg for å vere kreativ?

Ro og orden

Korleis ser arbeidsbordet ditt ut?

System, struktur og orden er tre ord som beskriver mitt arbeidbord!

Stablebordet er allerede mogleg å få tak i(og står på ønskelista mi;-)), blant anna her.

Takk skal du ha, Mia! Og lykke til vidare med prosjekta dine!

fredag 12. mars 2010

Ugler i mosen


Kva i alle dagar betyr det? Ugler er jo som kjent kloke dyr. Kva har dei i mosen å gjere? Ein forklaring kan du lese her. Men no for tida er vel uglene aller mest å finne på alle dei flotte bloggane rundt om!


Her er mine ugler. Ugleklokka fekk eg av pappa i ung alder, den er umogleg å ikkje bli glad i og av! Uglebiletet har eg kjøpt på Etsy av denne flinke dama.


Eg såg ein hubro ein gong. Rett før blåtimen, satt han høgt oppe på ei lysmast langs ein innfartsveg. Overvåka trafikken. Lett gjenkjenneleg pga duskane på øyro.

Me gjekk ut av bilen ei lita stund for å vere sikre på at me verkeleg såg hubro. Fantastisk dyr. Kan bli opptil fire kilo, og ha eit vengespenn på 1,8 meter! Me pella oss fort inn i bilen igjen. Hubroar kan sjå ganske sinte ut..


Til og med Brio likar ugler, berre sjå den søte her.

Ha ei fin helg!

torsdag 11. mars 2010

Englesverm


I påvente av påskeegg og harar og slikt, har englane inntatt dei spirande greinene i gangen.


Dei får lov å bli. Ei stund iallefall.
Posted by Picasa

onsdag 10. mars 2010

Norgesglas

Norgesglas, glansbilete og gamle boksar. Få ting set meg meir tilbake i tid.

Vamp syng om "et norgesglas med tretten humler i.." Det hugsar eg òg godt frå min barndom. Mine besteforeldre hadde bier. Og mykje blomar. Og masse frukttre. Dermed kunne det til tider vere ganske folksamt i lufta i hagen deira. Det var jo reine godtebutikken for dei med venger.

Så på bordet i hagen sto det ofte eit syltetøyglas med litt saft i. For å ikkje bli for omsverma når ein sette seg ned..


Ha ein fin onsdag!

tirsdag 9. mars 2010

Stor dag!


Så er dagen over, og me pustar ut. Fint å ha arrangert noko ein er nøgd med! Alle var nøgde - hovudpersonen sjølv var ei solstråle - som vanleg!

Og for dei som lurer på om me bur så lekkert til vanleg: me fekk låne hus av gode vener! Hurra for dei!

onsdag 3. mars 2010

Papirdukker


Bordkorta til dåpsfesten er ferdige, og heile slekta er på plass på bordet mitt. Litt klipp og lim, og laminering til slutt - og voila! Det er nesten så eg får lyst å leike med papirdukker igjen... Med litt silkeband skal dei henge rundt stetten på glasa, og så har alle sitt glas for dagen. Dåpsbarnet sitt bordkort får henge på puppen:-)


Så kan eg krysse av ein ting på lista..;-)

Ha ein fin onsdag!
Posted by Picasa

tirsdag 2. mars 2010

Smugkikk


Her i huset forbereder me dåp no om dagen. Idag såg kjøkkenbordet slik ut. Imorgon skal eg vise kva eg driv på med.

mandag 1. mars 2010

Versågod!


Berre eit lite bilde for å mane fram liflege vårtankar. Det blir vår! Om enn ikkje heilt ennå...

søndag 28. februar 2010

Nydeleg!

Det danske firmaet Ferm Living har lenge vore ein favoritt hjå meg. Dei lagar flotte grafiske tapet, wallstickers og sengetøy, noko av det i retro stil.



Ein annan favoritt er den norske duoen i Darling Clementine. Dei er to grafiske designarar, og lagar kreative, retroinspirerte kort.




Så har dei to favorittane slått seg ilag til ein - iallefall for ein prøvekolleksjon! Og resultatet kan du sjå under her! Ferm Livingputer med Darlingane sine Marionettefigurar! Kjempefine!


Darling Clementine sine kort kan kjøpast via Etsy-butikken deira.

Fortsatt fin søndag!

Bileta er gjengitt med tillatelse.

fredag 26. februar 2010

Lotta Jansdotter

Ein ekte suksesshistorie, om den svenske jenta som flytta til USA og no brødfør seg med eige design. Sjå henne på Youtube under her, og kikk gjerne litt på den inspirerande nettsida hennar òg!



Lotta har gitt ut fleire bøker, blant anna den under, som er kjempefin! Den kan kjøpast her.


God fredag!