onsdag 7. desember 2011

Ho listar seg inn


Ho listar seg inn, jula. Nesten umerkeleg. Slik som den vakre keramikk-stjerna som denne bloggaren har laga. Ellers er julefølelsen absolutt tilstades, med florlett nysnø ute og englevinge-sying inne. Førjulstid er fint! Når berre julespelet er over, skal det vel bli ei råd med julebakst òg. Gler meg!

Fin førjulskveld til deg!

fredag 2. desember 2011

Det snør

Fyrste snødag her i byen betyr mykje rot på vegane... Eg og Elvis held oss inne enn så lenge, og fordriver tida med silkepapir, sprettball og slikt. Fine fredagen! Håpar din er fin òg!

torsdag 1. desember 2011

Alltid på veg

Å gå sakte betyr ikkje at ein står stille. Aldri det. Men å gå i rett retning, stadig på veg. Ikkje sjå seg for mykje tilbake, ikkje telle tapte slag.

På veg mot nye eventyr. Alltid det.

Blomar frå ein kreativ kveld ilag med fantastiske medbloggarar. Spennande planar for nyåret! Illustrasjonen som var bestilt er no ferdig og er på veg til ferdig produkt. Gler meg! Fleire ballar i lufta, som vanleg. Likar det!

Fin torsdag til deg!

lørdag 26. november 2011

Stressfri sone



Er eg i rute? Til julespel, til fulle kakeboksar, til ein kamelfri og julepynta heim?

Det ville i tilfelle vere ein kraftig overdrivelse.
Den raude julestjerna er ikkje på plass i vinduet, og lista med juleforberedelsar finst foreløpig ikkje. Kamelane har det fredeleg under sofaen, og heimen er underleg førjulsfri. Alt det andre står på staden kvil, mens me ventar på julespelet. Men ikkje ei einaste stress-skulder i sikte.

Eg har tid nok. Alltid.

Viss nokon ropar at eg må forte meg, går eg berre ekstra sakte.

tirsdag 22. november 2011

Wake me up

Om eg hadde hatt Iphone hadde denne definitivt stått høgt på ønskelista i år! Det er ikkje ei gamaldags vekkarklokke, men ein ladestasjon for telefonen din! Og lastar du ned den fine Flipflap-klokke app'en òg, har du definitivt ein møblert heim. På soverommet.

Fin dag til deg!

Alarm Dock frå Areaware. Bildet er lånt derifrå.

mandag 21. november 2011

Julekort



No er det trykka opp julekort av illustrasjonen eg laga for julespelet. Salet av korta går til inntekt for Kirkens Bymisjon i Bergen, som gjer ein fantastisk innsats for utsatte grupper. Kortreist hjelp til nokon som gruar seg til jul.

Det er doble kort med god plass til å skrive fine julehelsingar, og prisen er 20 kr for eitt, 150 kr for 10! Legg igjen ei mailadresse, eller send meg ein mail om du har lyst til å kjøpe:-)

Fin dag til deg!

fredag 18. november 2011

Kreativt kaos



Mørkt midt på dagen
Inne er det lys, lys, lys
og masse kjekt rot

Fin fredag til deg!

mandag 14. november 2011

Save it for a rainy day




Berre ein blome eller to til deg
og ei solstråle som fann vegen inn

Du kan spare dei til ein dag det regnar
Om du vil

mandag 7. november 2011

Fargelaust?



Å - kor eg likar sarte, monokrone, naturlege interiør. Svart-kvite eller kvit-kvite interiør der teksturane får spele ei viktig rolle. Ro for auga, kvile for pulsen. Nydeleg.

Men så må eg realitetsorientere meg innimellom. Hadde eg klart å leve utan farge? Utan energien fargane gir meg? Neppe. Eg treng farge. Kvar einaste dag.

Fin kveld til deg!