torsdag 18. mars 2010

So ro Lillemann

Igår vart Merket for God Design delt ut av Norsk Designråd. Blant logoar og stolar og diverse anna, har denne vogga òg fått utmerkinga!


So-ro vogga hugsar de kanskje frå Skaparen på TV2 for ei stund sida. No er den flotte vogga, som er designa av Ane Lillian Tveit, klar for markedet. Ikkje verst å allereie vere dekorert med ein høgthengande pris!

Du kan lese meir om vogga her. Biletet er gjengitt med tillatelse.

Ha ein fin dag!

5 kommentarer:

  1. Å, for ei flott vugge:) Den blir sikkert altfor dyr for meg, så jeg skal nok ikke drømme om å få bruke akkurat den!

    Jeg ønsker deg en fin fredag:)

    SvarSlett
  2. Eg hugsar denne vogga godt frå Skaparen og syns det var ein genial idè! Alle som har tendensar mot å bli sjøsjuke sjølv i mild sjø veit at å gynge fram og tilbake er mykje betre enn å gynge frå side til side. Eg tippar dette blir ein bestselgjar. Kva trur du?

    SvarSlett
  3. Mammadamen: Nei, me e vel litt for store for den òg..hihi..

    Men jo, Liv Kjersti - eg trur denne kjem til å bli "stor". Syns den er så enkel og flott i formen. Og så får den jo mykje merksemd pga denne prisen, så mange kjem til å få auge på den. Syns det er stilig at den er designa av ei som ikkje er designutdanna! DET likar eg veldig godt!

    Eg blir òg sjøsjuk, så skulle eg først ligge i ei vogge - måtte det blitt denne:-)

    Ha ei god helg, de òg!

    SvarSlett
  4. Noko gale med designutdanning no???;-)

    Ane fortener all skryt og oppmerksomhet. Men rett skal vere rett - ho har fått hjelp av designerar undervegs!

    Ane er ein dyktig gründer!

    SvarSlett
  5. Ikkje eit vondt ord om designutdanning, Ståle(reknar med det er deg:-)) Eg ser eg uttalte meg unyansert... Det eg likar er at det ikkje er heilt tette skott inn til kreative fag, slik at ei som Ane faktisk kan hevde seg, fordi ho har ein god ide, OG evnene til å realisere ideen! At ho har hatt god hjelp, er sjølvsagt - fordi utan utdanning vil ein ikkje ha nok kunnskap til å lage eit godt, ferdig produkt. Så eg burde kanskje ikkje ha kalt henne designer - sorry..;-)

    SvarSlett

Takk for innspel og kommentar til posten min. Eg blir hoppande glad for kvart lite *pip*...