søndag 23. mai 2010

Kos med pus

Ja, eg veit. Eg skulle ikkje sy. Eg må visst sette symaskinen i forvaring til etter København.
Idag vart det, etter nokre dagar i tenkeboksen - ein koseklut. Eller ein pus. Lillebror har allereie kvalitetssikra - og er godt nøgd...
Når eg får tid vil eg lage fleire slike, og legge ut i Epla-butikken. Den står førebels berre uopna. Eg satsar på betre tider for butikkopning og festivitas etterkvart...

Takk tante G, for det supermjuke og fine lakenet! Du ser det kjem til nytte:-)

2 kommentarer:

  1. Kjære vennen!
    Så koseleg å sjå at lakenet kjem til nytte! Det er jo mykje kjekkare enn å kaste det! Skjønt eg ville vel ikkje kasta det! Eg kastar jo ingen ting, det er det som er problemet med meg (ja, eit av dei, då)
    Har vore innom Hanne sin blogg og i dag. Eg er superimponert over kor flinke og kreative dokke er!:-)
    Heldige Nilsemann og Sebastian som kan kose seg med sånne flotte koseleiker!
    Klem frå tante G.

    SvarSlett

Takk for innspel og kommentar til posten min. Eg blir hoppande glad for kvart lite *pip*...