søndag 11. juli 2010

Kulturfyr

Igår var vi finfin tur til Ryvarden Kulturfyr i Nord-Rogaland. Turen ut dit er ein historie for seg, sjølve fyret ein annan. Vi er svake for fyr. Ryvarden er ikkje eit unntak.

På fyret er det kafe og skiftande utstillingar. Denne sommaren stiller haugesundaren Brian Wallace ut sine malerier. Nydelege stemningsbilder med fantastisk lys.



Ta gjerne turen dit, om du kan. Utstillinga heng i heile sommar. Og du får uansett med deg fyrfølelsen - spor etter isolasjon og strev - salt og svette, den strenge naturen og dei hardføre husa som toler alt.

Ha ein fin søndagskveld!

1 kommentar:

  1. Åh, så kjekt. Der trur eg jammen me skal ta turen. Var på Lindesnes fyr når me var på Sørlandet, og ungane elska det! Syns det er kjekt at dei får kjenne naturkreftene litt på kroppen. At det er koseleg kafè og kunstutstilling der i tillegg er jo berre bonus :) Ha ei god veke, klem frå Linda

    SvarSlett

Takk for innspel og kommentar til posten min. Eg blir hoppande glad for kvart lite *pip*...