mandag 13. desember 2010

Kvilepuls

Så er me komne halvvegs i desember. Julesnøen er komen, og gått. Juleluktene er innomhus - svibel, kongerøykelse, mandarin. Når det er heilt stille her - kan eg høyre reinsdyrbjellene i det fjerne... Eller kan det vere frå plastnissen frå kjøpesenteret..?

Jo, jula er snart her. Eg gler meg!

Førjulsstemninga som kjem smygande er god. Det er luktar, lyder, minner. Det er julepynt frå loftet, forventning i ansikta til dei små. Det er gleda over å pønske ut fine gåver.

Enn så lenge er huset herleg fritt for stress. Eg likar ikkje å stresse. Eg veit at eg på eit visst tidspunkt før jul kjem til å jobbe på for å komme i mål. Men eg tyner roen så lenge eg kan.

No er jo òg julemarknaden min over for denne gong. Eg feirer det ikveld med å sy pittelitt...
Men ikveld syr eg berre til meg sjølv:-)

I morgon kjem det litt bilder frå marknaden!

Ha ein fin kveld!

5 kommentarer:

  1. En sånn påminnelse hadde jeg også likt å ha ved døra. :)

    SvarSlett
  2. Så herlige ord på døra, og kjempefine vimpler! :D

    SvarSlett
  3. Elsker ordene på døren!! Tror jeg må stjele ideen hvis det er greit. Love it:) For en deilig måte å starte dagen på... Klem fra Idyll

    SvarSlett
  4. Eg kjende at eg senka skuldrane litt når eg las dette innlegget.:) Eg likar heller ikkje stress, men det vert nok litt av det her innimellom.. Vimpelane var utruleg søte, og orda på døra ei herleg påminning i ein hektisk kvardag!
    Ha ein fin kveld ♥

    SvarSlett
  5. Så fine vimpler...og takk for en fin stemningsrapport...kjenner lukta av røkelse og mandarin..
    Nyt en fin og rolig dag!

    Marit

    SvarSlett

Takk for innspel og kommentar til posten min. Eg blir hoppande glad for kvart lite *pip*...