torsdag 6. september 2012

Jorda som snurrar







Earth Piece:

Listen to the sound of the earth turning.

Yoko Ono 1963



Jorda snurrar så fort
og av og til må ein kanskje berre stoppe opp
og lytte litt

Å slappe av med ei bok
under eit pæretre
er så rett
så rett

Og ekstra deilig 
når ein kan filosofere ilag 
nyte eit glas raudt 
og le over Yoko Ono 
sine mange påfunn

Me fekk med oss utstillinga hennar 
på Moderna Museet 
og framleis sviv mykje tankar rundt 
etter det besøket

Føde for sjelen

---

Nydeleg gul skjærefjøl kjøpte eg 
Iris hantverk i Gamla Stan. 

1 kommentar:

Takk for innspel og kommentar til posten min. Eg blir hoppande glad for kvart lite *pip*...