Viser innlegg med etiketten dyr. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten dyr. Vis alle innlegg

onsdag 16. juni 2010

Lekedag

Kjekt å leike seg med eigne trykk. Finne nye fargar og nye uttrykk.

Ein lur mann har sagt: "hvis ikke folk gjorde fjollete ting fra tid til annen - ville det ikke skapes intelligente ting."

I Google sitt hovudkvarter i Silicon Valley satsar dei på leik. Dei har eit eige leikerom, der dei ansatte kjem inn for ein pause, og puslar litt med blant anna lego. Av slikt kan det komma idear og refleksjonar ein ikkje får elles.

Nå skal ikkje eg påberope meg at eg lagar intelligente ting. Men uansett: JA - til å leike meir!


Ein fin dag ynskjer eg deg!

tirsdag 15. juni 2010

Liberty light og ein skjønn pingvin

I bilen heim frå kvart Stoff & Stil-besøk, angrar eg alltid. På dei stoffa eg ikkje kjøpte med meg.

Når eg er i butikken fer eg kvilelaust rundt, frå det eine til det andre. Hovudet lett rusa på fargar og kvalitetar. Det er vanskeleg å tenkje klart.

Desse to stoffa angra eg på sist. Denne gongen fekk eg dei med meg. Pingvinane snakka til meg... Vanskeleg å forklare det, men eg endar alltid opp med dyreprint.

Det blomstrete stoffet syns eg likna til forveksling på dei populære Liberty-stoffa. Bare mykje, mykje rimelegare.

Idag blei det to lett-sydde smekker. Kvalitetstesten får Lillebror ta seg av:-)

Ha ein fin kveld!


torsdag 10. juni 2010

Gulstripete dag

Eg er ein barnsleg sjel. Leiker frå min eigen barndom, eller andre sin, gjer meg glad.

Det treng ikkje vera treleiker. Plastleiker, f.eks gamle Fisher-Price leiker er blant favorittane.

Og min eigen My little Pony frå 80-talet! Tenk å vere så vakker! Om det hadde gjort seg med raude epler på min bakende, skal vere usagt. Men at det er fint på denne ponnien kan vel ingen vere ueinig i?


For ikkje så lenge sidan, fekk eg besøk av ei god venninne som donerte mange av leikene sine til småjentene! Gjett om mamsen blei minst like glad som dei små... Bilder kjem etterkvart!

Som du sikkert har oppdaga - idag er ein gul dag! Igår fann eg det gulstripete stoffet på Fretex - og blei så glad, så glad! Eg er alvorleg glad i gult, men finn sjeldan gule stoffer. No summar det av idear i hovudet.

Ha ein gul dag, du òg!

onsdag 7. april 2010

Rare dyr

Idag er den store vaske-klede-etter-ferie-dagen. Og mens eg funderer over kor glad eg er over å ikkje måttte vaske den digre haugen i bekken - så innser eg at det kanskje ikkje er så interessant som bloggetema.. Derfor viser eg i staden litt av dei rare dyra som bur rundt i huset vårt.

Born har ofte eit anna syn og innsikt når det gjeld rare ting. Ungane mine spør ofte om kva eg driv med, sidan eg ofte driv med litt rare ting. Dei begynner å bli vant til svaret. "Eg veit ikkje", seier eg kanskje. For kanskje eg ikkje veit. Ofte leikar eg meg berre. Og så blir det kanskje noko utav det. Kven veit.


Ei lita venninne på fem år såg dette biletet ein dag, og spurte: "er det eit brilledyr?" Og ja, sjølvsagt er det det! Navnet skjemmer ingen;-)

fredag 19. februar 2010

Småspurv


Desse små vennene er fredelege og greie. Ikkje bråkar dei. Ikkje hiv dei fuglefrø på golvet. Og ikkje bit dei Vestablikkmannen heller.. Det er han glad for!

Eg har nemleg hatt papegøye. Ein nydeleg blåpanna Amazon. Men han dreiv med alle dei ovennemde bedriftene. Og det siste vart ganske utfordrande etterkvart. Så ein av mennene måtte ut. Eg er glad eg valde som eg gjorde..;-)


Desse fuglane skal gjennom fleire prosessar før dei er ferdige. Eg lovar å leggje ut fleire bilete etterkvart.

tirsdag 9. februar 2010

Harpermania

Vestablikkmannen kom heim frå USA igår, og hadde slept med seg eit vidunder av ei bok! Praktboka veg minst 3 kg, og er gåve frå mor og far.(Tusen takk!)

Charley Harper var ein amerikansk kunstnar som var spesielt opptatt av dyr og dyreatferd. Han hadde ein måte å forenkle naturen på, han pleidde sei at han "talte vengene og ikkje fjørene", og akkurat dette gjer at bileta er like tiltalande idag som då dei vart laga. Han kalla sjølv stilen for "realistisk minimalisme."

Eg er stor fan! Trur bileta rettferdiggjer seg sjølve...


Minstejenta er minst like facinert som mor av kjempeboka.

Denne og liknande grafiske bøker kan du kjøpa på Amazon.com.
Du kan lese meir om Charley Harper her.

lørdag 16. januar 2010

Kattar




Når minsten søv, får mamsen gjort mykje rart! Dei siste trykka mine er med kattar. Rart eigentleg, i og med at eg eigentleg ikkje likar kattar..

Men dei har noko ved seg, som eg er nysgjerrig på. Noko menneskeaktig. Dei verkar gløgge. Kanskje difor dei har fått ei snakkeboble i desse putene. Reknar det for ganske sikkert at dei kommuniserer ganske mykje til oss. Og om oss...