mandag 22. februar 2010

Hender


Hender er facinerande. Hender kan skape eller bryte ned, klappe eller slå. Hender kan vere sjølve symbolet på godhet eller vondskap, fordi det er dei som utfører. Eit godt handtrykk. Klemme skulderen til nokon idet dei går forbi. Ei lett hand mot ryggen til nokon. Ikkje berre for å ta på. Men for å formidle noko.


Kva formidlar dine hender?


Fine, gamle hender. Vitnar om eit levd liv. Kva har desse hendene opplevd?
Dette siste biletet er tatt av Bodil som har denne skjønne bloggen.

søndag 21. februar 2010

Hjørner




Berre eit par hjørnebilete, før den vestablikk'ske heimen fell til ro. Fire av fem søv, og det er så nydeleg å sitte oppe og nyte stillheten. Snart blir her heilt stilt...

lørdag 20. februar 2010

Kveldssong


Fire stryk på kvart eit kinn
så ynskjer me velkomen inn -
til englar og til stjernelys
Så er det vel god natt då, på eit vis
Så er det vel god natt på eit vis

Odd Nordstoga
Posted by Picasa

fredag 19. februar 2010

Småspurv


Desse små vennene er fredelege og greie. Ikkje bråkar dei. Ikkje hiv dei fuglefrø på golvet. Og ikkje bit dei Vestablikkmannen heller.. Det er han glad for!

Eg har nemleg hatt papegøye. Ein nydeleg blåpanna Amazon. Men han dreiv med alle dei ovennemde bedriftene. Og det siste vart ganske utfordrande etterkvart. Så ein av mennene måtte ut. Eg er glad eg valde som eg gjorde..;-)


Desse fuglane skal gjennom fleire prosessar før dei er ferdige. Eg lovar å leggje ut fleire bilete etterkvart.

torsdag 18. februar 2010

Mint Nostalgia

Kva er det med denne fargen, som gjer meg mo i knærne og tom for ord? Eg mins godt 80-talet - eg hadde høgt hår og bestefarskjorte i mint. Altså kan det vere snakk om heilt ordinær nostalgia. Eg er i rette alder for det.




Fargen kjem igjen i motebiletet med ujamne mellomrom. No er det lenge sidan - og den kjennes frisk og ny.
Under kjem fargen eg syns passar best saman med mint, lakserosa eller oransje.

onsdag 17. februar 2010

Gul

Ein kjem ikkje utanom gul. Absolutt ikkje berre brukande til påskepynt. Gul farge viser seg fram, står ut som eit utropsteikn.

Gangen vår er utan dagslys. Då hjelper det på med litt farge. Jukse inn litt sollys...

tirsdag 16. februar 2010

Draumeland

Flyte avgårde i eventyr etter eventyr. Vere helten i dei alle. Sveve. Vere vektlaus. Alt er mogeleg når ein drøymer.

Håper du får gode draumar inatt!

mandag 15. februar 2010

Dvale

Men berre tilsynelatande. Naturen førebur seg. Under snøen ligg knoppar klare. Grønt sprengstoff - klart for ein ny vår.



Inne tar me våren litt på forskudd, mens me ventar. Ha ein fin mandagskveld!

fredag 12. februar 2010

Engleskule

Ja, temmeleg forseinka. Dei skulle ha dalt ned til jul, men er ferdige no. Jammen godt då, at englar trengs heile året!

Trass i påtrengande engleinflasjon frå royalt hald, så held eg likevel fast på englane mine. Og om dei har venger eller ikkje, er ikkje så nøye. Keramikkenglane mine blir likevel tradisjonelle flygande vesener.


Ha ei flott helg!

onsdag 10. februar 2010

Steinar søv ikkje..

Men jammen er dei gode å halde i handa. Snu og vende på ein rund stein. Lite kan gå gale då.

Eg kan nok kallast steingalen. I rette forstand. På ei rullesteinstrand på Jæren eller i Spania, vil du vanskeleg få kontakt med meg. Plukke ein stein eller to. Kjenne på dei. Vurdere. Kanskje nett denne er den finaste?

Eigentleg er det ganske naturstridig at eg likar stein så godt. Eg vaks opp på ein gard, der gråsteinen tøyt opp over alt. Me plukka og plukka. Og plukka igjen. Og dette var lenge før det vart snakk om barnearbeid..;-)

Men steinar søv altså ikkje. Ikkje søv ungar som stein heller. Men det er ein annan historie.