Men berre tilsynelatande. Naturen førebur seg. Under snøen ligg knoppar klare. Grønt sprengstoff - klart for ein ny vår.
Inne tar me våren litt på forskudd, mens me ventar. Ha ein fin mandagskveld!
mandag 15. februar 2010
fredag 12. februar 2010
Engleskule
Ja, temmeleg forseinka. Dei skulle ha dalt ned til jul, men er ferdige no. Jammen godt då, at englar trengs heile året!
Trass i påtrengande engleinflasjon frå royalt hald, så held eg likevel fast på englane mine. Og om dei har venger eller ikkje, er ikkje så nøye. Keramikkenglane mine blir likevel tradisjonelle flygande vesener.
Ha ei flott helg!

onsdag 10. februar 2010
Steinar søv ikkje..
Men jammen er dei gode å halde i handa. Snu og vende på ein rund stein. Lite kan gå gale då.
Eg kan nok kallast steingalen. I rette forstand. På ei rullesteinstrand på Jæren eller i Spania, vil du vanskeleg få kontakt med meg. Plukke ein stein eller to. Kjenne på dei. Vurdere. Kanskje nett denne er den finaste?
Eigentleg er det ganske naturstridig at eg likar stein så godt. Eg vaks opp på ein gard, der gråsteinen tøyt opp over alt. Me plukka og plukka. Og plukka igjen. Og dette var lenge før det vart snakk om barnearbeid..;-)
Men steinar søv altså ikkje. Ikkje søv ungar som stein heller. Men det er ein annan historie.

tirsdag 9. februar 2010
Harpermania
Vestablikkmannen kom heim frå USA igår, og hadde slept med seg eit vidunder av ei bok! Praktboka veg minst 3 kg, og er gåve frå mor og far.(Tusen takk!)
Charley Harper var ein amerikansk kunstnar som var spesielt opptatt av dyr og dyreatferd. Han hadde ein måte å forenkle naturen på, han pleidde sei at han "talte vengene og ikkje fjørene", og akkurat dette gjer at bileta er like tiltalande idag som då dei vart laga. Han kalla sjølv stilen for "realistisk minimalisme."
Eg er stor fan! Trur bileta rettferdiggjer seg sjølve...
Minstejenta er minst like facinert som mor av kjempeboka.
Denne og liknande grafiske bøker kan du kjøpa på Amazon.com.
Du kan lese meir om Charley Harper her.

torsdag 28. januar 2010
Prosjekter
Som dame er eg vant til å multitaske. Det gjeld òg i min kreative verden. Eg har alltid minst tre prosjekt på gong samtidig. Eg likar å sjonglere mellom dei forskjellige mediene, litt her og litt der. For å vere litt høgtflygande, så trur det gjer at energien flyt friare. Når eg malar må eg med jamne mellomrom ta eit steg tilbake for å sjå biletet på avstand. Sjå om alt stemmer. Sjå biletet med nye auge.
Når ein skiftar mellom forskjellige medier, blir det som om ein tar eit skritt tilbake. Nullstillar seg. Ser som for fyrste gong. Det er lurt. Av og til er alt ein gjer å gå fram og tilbake... Då er det på tide med ein kaffikopp:-)
Det fyrste biletet her er frå eit litt hemmeleg prosjekt. Det er alt eg kan vise no - så lovar eg å vise det i sin heilhet etterkvart. Håpar det fell i smak hjå dei som får det:-)
Dei andre bileta er collageleik. Dei litt sorgfulle ansikta treng ei meining, ein samanheng. Så er det vel mitt ansvar å gje dei det...
lørdag 16. januar 2010
Om att att..
Eg er ny på dette med blogg.. Tydelegvis. Så difor blir det ikkje alltid slik eg vil. Desse bileta høyrer sjølvsagt til den forrige posten. Det går seg nok til..
Kattar
Når minsten søv, får mamsen gjort mykje rart! Dei siste trykka mine er med kattar. Rart eigentleg, i og med at eg eigentleg ikkje likar kattar..
Men dei har noko ved seg, som eg er nysgjerrig på. Noko menneskeaktig. Dei verkar gløgge. Kanskje difor dei har fått ei snakkeboble i desse putene. Reknar det for ganske sikkert at dei kommuniserer ganske mykje til oss. Og om oss...
søndag 10. januar 2010
lørdag 9. januar 2010
Litt fleire bilete..
Viser litt fleire bilete av det eg lagar for tida.
Dette er kort, bamsar og dynetrekk til baby(60 x 80 cm). Eg lagar trykk i gummiplater, som eg så kan bruke både til papir- og tekstiltrykk. Nokre av stoffene er gamle stoffer som er funne på fretex eller loppemarknad, som t.d. det grøne med blomemotiv i dynetrekket over.
Men ellers snopar eg nye stoffer på "Stoff og stil" - som ligg her i byen.
Men ellers snopar eg nye stoffer på "Stoff og stil" - som ligg her i byen.
Abonner på:
Innlegg (Atom)