onsdag 11. mai 2011

Fargeglad

Idag slår eg eit slag for dei gode, gamaldagse spesialbutikkane! Dei som kan faget sitt. Og eg som kunde kan komme inn med ein lysestake i ein spesiell gulfarge - og malingsmannen kan dra fram NCS-vifta si og gå rett på. Utan å nøle. Slikt blir eg skikkeleg glad av. Og imponert. Og kjører gjerne eit godt stykke lengre for å finne nettopp dei.

Og så kan eg kose meg med ein boks maling. Idag er det ikkje meir som skal til.


mandag 9. mai 2011

Sit på gjerdet

Eg sit på gjerdet ilag med Elvis, og ventar på at inspirasjonen skal komme over meg. Skjønt ventar og ventar... Livet er ikkje nettopp kjedeleg for tida, så eg har få ledige stunder til å sitte og vente.

Men altså - bloggeinspirasjonen er ikkje her. Den er sikkert ein annan stad. Imens kosar eg meg med alt det andre. Sommar og uteliv. Forberedelsar til høgtider i mai, og alskens andre festlege arrangement. Loppemarknadar, med tilhøyrande salmiakkvatn og flikking.

Eg er nok snart tilbake. Håpar de òg er her då. Imens kosar eg meg med korte snarturar innom dokke andre, for glad inspirasjon!

onsdag 4. mai 2011

Fyrstemann til mølla...

Så artig at så mange likte syfuglen min. Den kjøpte eg i Stillwater som ligg langs Mississippi, i ein diger antikvitetsbutikk. Eg veit ikkje kor gammal den er, men den har tydeleg levd lenge. No er den på veg ut på Finn - eg har rett og slett ikkje så god plass til prydfuglar... Men de får sjansen fyrst:-) Legg igjen ein beskjed om du er interessert...

*Oppdatering: fuglen er fløyet..:-)*

mandag 2. mai 2011

Livsteikn



To koselege prosjekt midt i
eit tovekers travelt gressenkeri

Eit skjørt til ei skjønn rosa jente
med ei skjønn oransje mamma

Nygammal lesekrok
i Grandma sin glade farge

Fin kveld til deg!

onsdag 27. april 2011

mandag 25. april 2011

lørdag 23. april 2011

Kvardag igjen





Ja, påsken er over for denne gong. For min del. No er det sjukehuset som ropar i det fjerne. Men kva gjer det når ein har med seg deilige, vårlege ferieminner i sekken?

Takk for alle koselege kommentarar for sykroken min! Den var så ryddig då - det blir den neppe igjen... No inntar gladfargane den vesle kroken min, som ellers i huset her! For fargane - dei kunne eg slett ikkje klare meg utan!

Ha ein fin påske vidare, venner!

lørdag 16. april 2011

Sykrok






Endå så liten plass me har, har me fått rydda plass til ein sykrok! Ein ørliten kreakrok. Ungane har allerede tatt han i bruk - så han ser ut til å vere godkjent. Med godt arbeidslys frå loppis-Luxo'en og peisomnen like ved kan det bli mange gode arbeidsøkter her.

No er endeleg gjengen friskmeldt, og imorgon reiser me til Påskeferielandet - nemleg Rogaland. Eg treng ikkje snø for å få påskefeeling. Nei - gje meg nyfødde lam, kusymre i bakkane, bål ved sjøen og ein fjelltur eller helst tre. Då er det påske då!

Ha ein fiiiin påske!

torsdag 14. april 2011

Nyttesaum faktisk


Eit miniprosjekt mens eg ventar på å bli frisk. To jentebukser, som var holete og slitne, får nytt liv som knebukser til Elvis.

Dette må jo rett og slett kallast nyttesaum, og ifølge Vestablikkmannen skjer det ikkje overvettes mykje av det her i huset...Han har nok ein poeng der. Kjekkare med nye prosjekt, enn å lappe på gamle... Men i god miljøvern-ånd skal eg bli flinkare! Bank i bordet, kryss i taket. Utan lygekryss.

Ha ein fin førpåskedag!

*Buksene er klypte av over dei holete knea, og så er det sydd på ribb frå Lageret(eller Stoff og Stil som det vel heiter på fint..) Fiks ferdig på no time! Klare til smågutt-spankulering.*