fredag 19. februar 2010

Småspurv


Desse små vennene er fredelege og greie. Ikkje bråkar dei. Ikkje hiv dei fuglefrø på golvet. Og ikkje bit dei Vestablikkmannen heller.. Det er han glad for!

Eg har nemleg hatt papegøye. Ein nydeleg blåpanna Amazon. Men han dreiv med alle dei ovennemde bedriftene. Og det siste vart ganske utfordrande etterkvart. Så ein av mennene måtte ut. Eg er glad eg valde som eg gjorde..;-)


Desse fuglane skal gjennom fleire prosessar før dei er ferdige. Eg lovar å leggje ut fleire bilete etterkvart.

3 kommentarer:

  1. Sånne fuglar vil eg og ha:0) Kjempefine var dei:0) Er englebilete i innlegget under eit du har laga sjølv???? I så tilfelle står eg langt framme i køen for å kjøpe:0)


    Kjempekoseleg med besøk av dåke. De e hjarteleg velkomne kva tid som helst.
    Klem ☺

    SvarSlett
  2. Hei Henriette!

    Fuglane skal jobbast litt meir med, så skal du få sjå bruksområdet:-) - håpe du vil lika det!!
    Og ja - englebildet har eg laga! Det heiter "Samtale" - og er foreløpig ikkje til sals...Men den dagen d blir d - skal du få beskjed!

    Veldig stas å komma til dokke! D må gjerast oftare! Kjem du til bergen snart..?
    Klem

    SvarSlett

Takk for innspel og kommentar til posten min. Eg blir hoppande glad for kvart lite *pip*...