Slitsomme dagar for Liten og Mor. Innleggelse for Lillebror, vonde stikk og sår gråt. Mamma trøyster, ber på, syng og kysser. To matte auger som ber om fred.
Bekymring, bekymring, bekymring.
Ikveld er vi heime igjen. Kanskje morgondagen blir ein friskare ein?
torsdag 4. november 2010
mandag 1. november 2010
Barnestrek
Eg er så glad i barnestrek. Ungar er så impulsive, så lekne - i full fart kan dei ha eit bilete klart. Og så er dei modige - dei er ikkje redde for å fylle eit ark.
Eg trur det er lov å styre ungane litt i det dei driv med. Ofte vil eit bilde bli litt rotete eller mørkt, dersom dei får mange fargar og god tid. Viss ein gir dei færre fargar og lærer dei å blande litt sjølv, kan dette vere vel så kjekt.

Men av og til får eg likevel ein følelse av at eg gjer noko gale når eg styrer dei slik. Eg vil jo helst ikkje øydelegge noko av kreativiteten deira. (Det skal seiast at eg ikkje gjer dette så ofte..)
Kva tenkjer du om dette?
lørdag 30. oktober 2010
torsdag 28. oktober 2010
Kartgodbit
Via Bloesom-bloggen fann eg idag dei nydelegaste kart, frå These are things. Eg er fullstendig fortapt i dei. Har herved ført verdskartet på ønskelista til jul..:-)Her kan du sjå eit anna fantastisk kart, som står på den same ønskelista - samt forklaringa på kvifor eg er så glad i kart..
God natt til deg som er innom:-)
Puddel
Neida. Det er ikkje hunderasen det er snakk om, men musikk frå 80-talet. No er jo 80-talet heilt inne igjen, med klede og briller og slikt. Men desse velstelte karane kjem kanskje ikkje til å bli up-to-date igjen. Eller?
Ha ein fin torsdag!
søndag 24. oktober 2010
King size
Men mor sine syerier utan mønster kom litt ut på viddene denne veka. Sikkert på grunn av fullmåne og snø i oktober og slikt. Noko som likna mistenkeleg på ein boksershorts i babycordfløyel gjorde Vestablikkmannen litt nervøs. Så viste det seg at det berre var ei haremsbukse til Junior.
Jaja, størrelsemessig var det ein bommert! No spring fireåringen rundt i den, og er såre fornøyd. Så får eg heller prøve meg ein gong til, litt mindre denne gongen:-)
Ha ein fin søndag!
torsdag 21. oktober 2010
mandag 18. oktober 2010
OK
OK - så er ferien over for denne gong. Den gjorde godt. Haustfargar som svei i augene. Haustvind som sopte vekk bystøvet frå innerste lungekrok. Haustmorgonar på blikkstille fjord. Haustsmakar - sopp, krabbe, plomme...Mmmmm!
OK - eg er kanskje ikkje heilt klar for surt, kaldt, mørkt. Men er veldig klar for innekos, talgalys og varme genserar! - og sjølvsagt inneprosjekt! JA! I massevis! Og no er eg i full gong med å planlegge julegåver. Veldig kjekt!
Tusen takk for alle koselege kommentarar de legg igjen! Eg blir hoppande glad for kvar minste helsing!
Ha ein OK mandag der du er!
fredag 8. oktober 2010
Ferieklar
Det nærmar seg ferie. Vestablikkheimen er i pakke-modus. Pakke for frost, regn og indian summer. Kven veit i oktober.
Ei heil veke fri. Sleppe ned skuldrane og puste litt. Vere masse ute. Vasse i tørre haustblader. Leite etter sopp. Klatre etter dei siste plommene. Samle så mykje D-vitaminer ein kan! For snart er Fru Vinter her med sølvkappa si. Men ikkje heilt ennå.
mandag 4. oktober 2010
Trekvit under tvil
Eg veit jammen ikkje heilt. Kanskje.
Det er trenden med ubehandla treverk som gjer meg litt usikker. Kanskje eg likar det litt? Men helledussen - med 80 og 90-talet friskt i minne, og furu everywhere - så kjenner eg at det kanskje er litt tidleg. Kanskje eg kjem til å like det. Om ein to års tid. La det berre få lov til å modnast litt.
Enn så lenge vurderer eg å la lysestaken som eg fann på loppis, forbli trekvit. Eg er sterkt i tvil. Men kanskje...

Abonner på:
Innlegg (Atom)