Det er kald sommar framleis her på vestlandet. Enn så lenge er det
sokkar i sandalene og eit litt stivt smil. Då er det fint å ha meiningsfylte aktiviteter innomhus. Ikkje berre kos, sjølvsagt. Husarbeid må av og til òg prioriterast.
Dagens trykk er ein
hjartenøkkel. Denne bør ikkje rotast vekk. Ikkje så farleg med dei andre nøklane, berre ein
tar vare på denne.

Igår fekk bloggen min ein finfin pris frå
denne skjønne bloggaren. Gjett om det gjorde meg
glad! No må eg i tenkeboksen for å finne ut kva for
7 ting eg skal fortelle dykk...
Om du leiter etter tiaraen din, eller baker bryllupskake - eller ikkje bryr deg om bryllupet imorgon i det heile tatt - ha ein fin fredag uansett!