tirsdag 8. februar 2011

Treging


Kall meg gjerne litt treg - men eg er ikkje ferdig med fluesopp. Når det ikkje fins ekte i skogen nett no, så pyntar eg gjerne med dei inne. Men ungane får lynkurs i soppvett. Vil jo ikkje at dei skal tru at denne typen er etande. Sjølv om innhaldet i Norgesglaset er...

Det nydelege Soppskog-trykket er av denne flinke dama.

Benken under slepte eg med meg heim frå Fretex igår. Ein ekte Bruksbo-benk i palisander! Og slepte gjorde eg - for den vog maaaaange kilo! Og fin er den!


Ha ein fin dag der ute, venner!

mandag 7. februar 2011

Med ferm hånd




Dei har gjort det igjen! Samarbeidet mellom danske Ferm Living og norske Darling Clementine er det sving over! - no har dei blant anna laga eit lekkert barneservice.

Helga her i huset var alt anna enn fredeleg, med spysjuka på far og mor etter tur. Så vekestarten blir prega av rekonvalesens...

Ha ein fin mandag!

Bilder lånt med tillatelse frå Ferm Living


lørdag 5. februar 2011

Fabel


Det gode med ufrivillige Elna-feriar, er at ein blir leda inn på nye spor. Eller gamle. No blir malekofferten titt og ofte henta fram igjen. Innimellom byssing av sjuk Elvis finn fargane plassen sin på paletten.

Fargar gjer godt. Særleg når bakken på ny er kvit, og ungar og mann er sjuke... Satsar på snarleg bedring. Og ein ny vår:-)

Fargerik kveld til deg!

fredag 4. februar 2011

Takk

Fredag
Fyr i omnen
Ein ørliten kaffikopp

Ein sjuk liten Elvis
to litt friskare storesøstre
Heldigvis

Takk for alle fine kommentarar
De er bare best!

Fin helg til deg!

onsdag 2. februar 2011

Orden

Eit lite bilde til NIB sin februarutfordring.
Orden på den bloggbare måten -
Gamle koffertar
Barnekoffertar
Sirleg merka med navn eller innhold

Fint OG praktisk!

Fin kveld til deg!

tirsdag 1. februar 2011

Blåmann, Blåmann



Vel heime igjen etter ein fin tur til hovedstaden. Nydeleg dåpsgut, verdas vakraste togreise(heilt til eg vart togsjuk..), besøke brødre, og få oppfyllt ei gamal draum; å gå på skeiser seint på kvelden i Spikersuppa. Med flombelysning og 80-talsmusikk. Og le heile veien rundt:-)

Bileta er av dåpsgåva vår. Dåpsbarnet ynskte seg noko til å ha på veggen(!) Så då vart det ein "Blåmann" - bilde og tøypose i same stil.

Håpar du har ein flott tirsdagskveld!

fredag 28. januar 2011

Eit heilt harem

Elna er i farten igjen! Det viste seg at ho berre mangla litt olje og generell omsorg - så plystra ho avgårde igjen! Heldige meg - som då var på nippet til å gå på veggane...


Så då kunne eg ta fatt på haugen med halvferdige prosjekter. Fann ei løysing på den kranglete "ribben" på Elvis si bukse, som ikkje fungerte så godt som ribb. No heng buksa oppe òg. Kan vere greit det.

Og så eit bilde av eit plagg som har skapt mykje munterhet i heimen dei siste dagane. Mor si haremsbukse. Med stripete ribb oppe og nede. Deilig bukse. Men altså litt "morsom" ifølge Vestablikkmannen...

Men pyttsann - eg tåler det, eg:-)

Her ber det over fjellet med tog til Oslo imorgon. Me har hatt nedtelling i vekesvis no, ungane gler seg ihjel! Dåp for eit ferskt søskenbarn. Det blir stas. Over helga skal eg vise dåpspresangen som eg ferdigstilte igår. I gooooood tid...*puh*..

Ha ei flott helg!

torsdag 27. januar 2011

onsdag 26. januar 2011

Sol


Låg ettermiddagssol inn vinduene
Nydeleg

Godstolen ventar
ikveld blir det herleg avslapping der
istaden for springing på jobb:-)

God ettermiddag til deg som er innom!