Eg fann endeleg eit symaskinskap. Stakkars Elna har dei siste månadane stått og støva på soveromsgolvet, ilag med anna rot. Ikkje det at ho får stå i ro så lenge. Men ein hardtarbeidande liten maskin fortener vel noko bedre enn å sove med kamelar..? (Kamelar er altså hybelkaniner, men meir veletablerte og større)
Skapet sto ikkje akkurat og skein på Fretex. Gulkvit maling og laus plate. Men det er utruleg kva litt fresh maling kan gjere. No er eg storvegs fornøyd med kjøpet. Elna òg.
lørdag 28. august 2010
tirsdag 24. august 2010
Prikkepute
Godtanten har hatt 60-årsdag i sommar - hurra for ho! Ho har vore mi reservemamma i oppveksten - god som gull! No fekk me feira henne litt, og det var stor stas!
mandag 23. august 2010
Nøttesøndag
Me har hatt ei kjempefin helg i Rogaland. Der er spor etter hausten no lett gjenkjennelege. Dei fyrste plommene, den fyrste kantarellen og dei fyrste hasselnøttene! O'glede! Skogen er eit spiskammers - berre til å leite. Og ungane elskar å finne!
Hausten ser ut til å bli nøtterik! Ut og leit, du òg:-)
Ha ein fin dag!
Etiketter:
barn,
familie,
kvardagskos,
natur,
tur
torsdag 19. august 2010
Innegras
Så er nydelege Grass frå Normann Copenhagen endeleg blitt ein del av stua vår. Den pyntar opp både med og uten blomar!
Her er det blitt sommarver - nydelege varme dagar! Me nyt det så godt me kan mellom jobb og skulestart for eldstemor.
Ha ein fin dag!
onsdag 18. august 2010
Gatemoro
I byen her er det ganske utbreidt med stensilkunst. Eg kallar det kunst, og eg likar det. Tar ein vekk tagging og annan meiningslaus meiningsytring i offentleg rom, kan denne typen lovbrudd faktisk gje ein opplevelse til ettertanke.
På den andre sida forstår eg problemet dersom alle skulle ta seg til rette, og denne posten er absolutt ingen oppfordring til dette..;-)
Det pågår ein diskusjon her i byen om dette er hærverk eller kunst. Kva syns du?
Ha ein fin kveld!
tirsdag 17. august 2010
Fort her og fort borte
Det har vore lite sommar her på vestlandet iår. Bikinien har knapt vore ute av skapet. Iår som ifjor tenker eg; "var det dette eg venta på heile vinteren?"
Hausten kan ein alltid stole på. Den kjem. Anten lun og stille, nesten umerkeleg. Eller med eit brak, sint og sur. Uansett herleg. Skifte til noko anna. Rolegare dagar. Kveldar ein har lov å vere inne.
Jo, hausten er fin. Og no er han snart her.
Ha ein fin nesten-haustdag!
fredag 13. august 2010
Litt til
Neida - sommaren er ikkje over. Ikkje heilt ennå. Eg har funne eit gult blad. To òg. Inatt høyrte eg grågåsa som bråkete annonserte retningen den fòr. Dramaqueen, som alltid.
Men her er varmt når sola skin. Morgonane er ennå lyse. Det luktar sommar og blåbær av skogen.
Så ikkje gå heilt ennå Sommaren - bli litt til!
torsdag 12. august 2010
På galeien
Javel - så er eg på galeien igjen. Eg syr utan mønster. Kven veit om det blir ein ferdig kjole til Mollemor, eller om det blir i størrelse dukke...
Om eg har overdreven tru på eigne ferdigheter eller om det rett og slett berre er dumskap - er jammen ikkje godt å seie. Eg trør uti gong på gong. Det blir bra omtrent anna kvar gong. No bomma eg skikkelig sist, så då kan eg jo berre håpe denne gongen..:-)
Ellers så har eg fått ein kjempefin award frå skjønne Mammadamen. Og så glad eg blir for slikt! Har du ikkje kikka innom henne før - så gjer det her.
Ha ein fin kveld vidare!
tirsdag 10. august 2010
Stille morgon
Nei, det er ikkje feriemorgon. Og det er vel knapt morgon heller. Klokka er halv fem på ettermiddagen.
Både ferie og permisjon er over, og eg er tilbake på jobb. Travle vakter på ei travel avdeling. Dag som natt. Spesielt natt. Så etter ei nattevakt som denne, er det godt å ha det litt stille når eg vaknar. Sitte i pysjen og drikke kaffi. Dingle litt med bare bein. Strekke seg, og kjenne at det knirkar litt i kroppen. Vakne sakte.
God "morgon" til deg!
mandag 9. august 2010
Skulejente
Vi har fått ei stor skulejente! Ho er så klar til nye utfordringar - lære å lese og skrive, og ikkje minst; å få lekser! La oss håpe at entusiasmen varer leeeenge!
Igår begynte eg på mitt første prosjekt sydd etter mønster. På tide kanskje. Underveis vart det mykje kløing i hovudet, når framgangsmåten sto på pussig svensk, og minna om fortøying av båt, meir enn sying av kantebånd. Men eg rodde meg i land.
Igår begynte eg på mitt første prosjekt sydd etter mønster. På tide kanskje. Underveis vart det mykje kløing i hovudet, når framgangsmåten sto på pussig svensk, og minna om fortøying av båt, meir enn sying av kantebånd. Men eg rodde meg i land.
Og fortøyde:-)
Så skulejenta har fått sin skulekjole. Og er veldig fornøyd med det.
Og eg, eg må kanskje vurdere fleire mønster. For eg innrømmer at det var ganske avslappande å ikkje ha heile ansvaret sjølv...
Abonner på:
Innlegg (Atom)