onsdag 3. oktober 2012

Sove under sommarfuglar





Leiligheten vår er nå fotografert 
og snart visningsklar

Det innebar å ta vekk mykje ting
og bytte om eit par av soveromma

Foreldresoverommet er nå stort 
og pynta med sommarfuglar

Eit lite sjølvportrett med sprittusj rett på veggen
vart ramma inn
Kanskje bør det malast over før visning
men kameralinsa let seg iallefall lure..

Mhy frå Muuto
blei med heim frå messa
Fine, fine Mhy

Fin dag til deg!

tirsdag 2. oktober 2012

Smakebit 2





Her blei det stilt etter messa
ganske naturleg
for her klargjer me leiligheten for salg

Men messestemninga sit i framleis
masse inntrykk
lukter, lydar, smakar
gode samtalar
latter

Kjekt å møta andre bloggarar
nokre gamle kjente allerede
nokre nye bekjentskaper
kollegaer, venner

Ein møteplass

Eit fantastisk velsmurt arrangement
Ein knalljobb av Trude, Siw og gjengen!

Idag viser eg berre eit utval
bilder frå vår eigen stand
Idémakeriet

Gjenbruke
Ombruke
Lage sjølv

Dette var nøkkelorda våre
Kanskje gjekk nokon inspirert derifrå?

fredag 28. september 2012

Ein liten smakebit


Den fyrste dagen av interiørmessa er over
og harddisken er full av inntrykk

Mykje bra folk
flotte stands
og fin sofaprat

Imorgon er det bloggefrukost 
og speedstyling! 
Gler meg!

onsdag 12. september 2012

Pangfargar og ryddetid



7

Det er oppbruddstid
me flyttar inn i noko større 
om ein månads tid!

No er det ryddetid

På soverommet dukka 
dette tablået fram
etter at rotet var vekk

Som du ser 
er Vestablikkheimen
framleis svak for pangfargar
Det er visst Interiørmessa òg:-)

No nærmar det seg
med både flytting og messe!

fredag 7. september 2012

Nye husdyr


Denne personligheten
smilte mot meg i Stockholm
Er det rart ho måtte få bli med heim?

Fin fredag til deg!

torsdag 6. september 2012

Jorda som snurrar







Earth Piece:

Listen to the sound of the earth turning.

Yoko Ono 1963



Jorda snurrar så fort
og av og til må ein kanskje berre stoppe opp
og lytte litt

Å slappe av med ei bok
under eit pæretre
er så rett
så rett

Og ekstra deilig 
når ein kan filosofere ilag 
nyte eit glas raudt 
og le over Yoko Ono 
sine mange påfunn

Me fekk med oss utstillinga hennar 
på Moderna Museet 
og framleis sviv mykje tankar rundt 
etter det besøket

Føde for sjelen

---

Nydeleg gul skjærefjøl kjøpte eg 
Iris hantverk i Gamla Stan. 

onsdag 5. september 2012

Vakre Stockholm







Fire dagar i finaste byen
ilag med finaste damene

Gapskratt
gode samtalar
kunst
mat
sykkeltur

Pur rekreasjon

Fin dag til deg!

---

Fuglekunst av Karl Mårtens ved Konst och Folk i Hornsgatan. 

tirsdag 4. september 2012

Planlegging


Me er i gong
med å planlegge 
vårt bidrag til messa

"Rørigt" og 
boblande kreativt
Me gler oss!

Her kan du lese meir om
"oppdraget" vårt

Ha ein fin dag!

onsdag 29. august 2012

Stylistkonkurransen








Ei garasjedør med gamle bilskilt frå USA
Litt norske epler(endeleg!)
Det gamle blomsterbordet
i ein ny og kledeleg farge
Litt raude detaljar
Adoptivguten vår, for anledninga med eple på toppen
(eg skal fortelje meir om han seinare..)

Dette er mitt bidrag til utfordringa til interiørmessa iår! 

Ha ein fin dag!

mandag 27. august 2012

Trist og takknemleg





Mandag etter ei trist og rar helg
Lang, lang kjøretur
for å vere med på 
begravelsen til ein venn

Noko av det tristaste eg har opplevd
Å sjå fire ungar
no farlause
Ei god venninne
enke

etterpå
lang, lang kjøretur
for å vere med familien
og ungane igjen

Ein blir så uendeleg
takknemleg
for alt ein har

Ikkje eingong brødsmular under bordet
kan vippe meg av pinnen
Ikkje denne veka iallefall...

---

Bildene ser kanskje ikkje umiddelbart ut til å ha noko med teksten å gjere. Det har dei vel ikkje heller. Men ein ørliten stopp på ein brukthandel langs vegen gav søte resultater, som dokke ser. I tillegg fann me ei forfallen løe som var svært fotogen, masse krekling, og mamsen fann kantareller. Nam.