Knappesommaren begynte med overraskelse av den fargerike sorten. Masse flotte knappeprøvar frå
50/60-talet frå svigerinna mi! Mykje flotte fargar og personlegdomar!
Deretter var det opphørssalg i den nedlagde butikken heime, der eg fann fleire
knappar, esker, brett og eit skjønt rådyr. Rådyra er ikkje spesielt populære heime hjå mor mi, fordi dei er så glad i
roseknoppar. Så både dei ekte eksemplara, og denne i porselen - var det berre eg som likte... Rådyra i skogen såg me kvar dag i ferien, og på vegen heim frå ferie såg me eit titals hjortar, både vaksne og kalvar. Så fine, så fine.
Mamma henta fram frå skapet og gløymselen desse
skattane - nydelege fargar. Gjett om eg blei glad! Tenker det blir vanskeleg å sette saksa i dei...
Og enno har eg fått og funne fleire skattar i sommar. I vaskemaskina no ligg eit stort teppe, med bilder av mange rådyr... Ja, eg veit. Det blir kanskje litt mykje. Men vestablikkmannen sa det var heilt greit. Etter han hadde sagt at det var litt rart... Er ikkje han fin?
Visste du forresten at Bambi, og denne i porselen - er dådyr? Dådyra er litt mindre enn rådyra, og har dei fine kvite prikkane...
No kjem symaskinen på bordet. Mann og ungar er på tur, så her skal det jobbast!
Me bloggast!