fredag 28. september 2012

Ein liten smakebit


Den fyrste dagen av interiørmessa er over
og harddisken er full av inntrykk

Mykje bra folk
flotte stands
og fin sofaprat

Imorgon er det bloggefrukost 
og speedstyling! 
Gler meg!

onsdag 12. september 2012

Pangfargar og ryddetid



7

Det er oppbruddstid
me flyttar inn i noko større 
om ein månads tid!

No er det ryddetid

På soverommet dukka 
dette tablået fram
etter at rotet var vekk

Som du ser 
er Vestablikkheimen
framleis svak for pangfargar
Det er visst Interiørmessa òg:-)

No nærmar det seg
med både flytting og messe!

fredag 7. september 2012

Nye husdyr


Denne personligheten
smilte mot meg i Stockholm
Er det rart ho måtte få bli med heim?

Fin fredag til deg!

torsdag 6. september 2012

Jorda som snurrar







Earth Piece:

Listen to the sound of the earth turning.

Yoko Ono 1963



Jorda snurrar så fort
og av og til må ein kanskje berre stoppe opp
og lytte litt

Å slappe av med ei bok
under eit pæretre
er så rett
så rett

Og ekstra deilig 
når ein kan filosofere ilag 
nyte eit glas raudt 
og le over Yoko Ono 
sine mange påfunn

Me fekk med oss utstillinga hennar 
på Moderna Museet 
og framleis sviv mykje tankar rundt 
etter det besøket

Føde for sjelen

---

Nydeleg gul skjærefjøl kjøpte eg 
Iris hantverk i Gamla Stan. 

onsdag 5. september 2012

Vakre Stockholm







Fire dagar i finaste byen
ilag med finaste damene

Gapskratt
gode samtalar
kunst
mat
sykkeltur

Pur rekreasjon

Fin dag til deg!

---

Fuglekunst av Karl Mårtens ved Konst och Folk i Hornsgatan. 

tirsdag 4. september 2012

Planlegging


Me er i gong
med å planlegge 
vårt bidrag til messa

"Rørigt" og 
boblande kreativt
Me gler oss!

Her kan du lese meir om
"oppdraget" vårt

Ha ein fin dag!