onsdag 25. januar 2012

Døgnvill


Sein kveld igjen - det er andre gongen på ei veke at eg snur til nattevaktsmodus. Ungane syns ikkje det er det minste rart at mamma kjem heim tidleg på morgonen, ei heller at ho jobbar ettermiddag og kjem seint heim. Slik er livet i helsevesenet.

Men ellers er ting ved det same. Spisebordet vårt f.eks. blir alltid dekka med dei same, umake blåtallerknane. Dei fleste er arva og nokre loppemarknadsfunn - men absolutt alle har ei historie. Eg likar det. Eg likar å ete middag på mormor sin gamle tallerken, eller frukost på ein tallerken eg kjøpte på loppemarknad i Uppsala. No og då kjem nye tallerknar til - og denne miksen med Meg-tallerkenen frå Donna Wilson syns eg var uventa og fin. Og det søte ansiktet er ein historie i seg sjølv, syns eg.

Ei god natt til deg! Eg sit oppe pittelitt til...