søndag 7. august 2011

Fine funn og seinsommarpimp



Her om dagen handla eg verkeleg stort på Fretex. Av og til ligg det skattar overalt. Eg gjorde store auger då eg fann gult hjertebankstoff, to store gardinstykker. Trur nesten folk kunne høyre den høge pulsen min...

Lys turkis og gul er verkeleg Vestablikk-fargar for tida. Eg blir ikkje lei... Ein og annan lilla impuls snik seg inn, og raudt og oransje kan eg ikkje leve utan - ergo: eg har det som vanleg i overkant fargerikt.

Det gule fatet er eit gammalt og slite teakfat. Nokon hadde ubarmhjertig brukt det til skjærefjøl, det var stakkarsleg og trist. Med ein liten meis og greiner teikna på for hand, og så malt fleire strøk med yndlingsgulfargen kom det seg betrakteleg. Utruleg artig å pimpe slitne ting slik at dei får eit nytt liv. Miljøvennleg og billig moro!

Fin søndagskveld til deg!