mandag 13. desember 2010

Kvilepuls

Så er me komne halvvegs i desember. Julesnøen er komen, og gått. Juleluktene er innomhus - svibel, kongerøykelse, mandarin. Når det er heilt stille her - kan eg høyre reinsdyrbjellene i det fjerne... Eller kan det vere frå plastnissen frå kjøpesenteret..?

Jo, jula er snart her. Eg gler meg!

Førjulsstemninga som kjem smygande er god. Det er luktar, lyder, minner. Det er julepynt frå loftet, forventning i ansikta til dei små. Det er gleda over å pønske ut fine gåver.

Enn så lenge er huset herleg fritt for stress. Eg likar ikkje å stresse. Eg veit at eg på eit visst tidspunkt før jul kjem til å jobbe på for å komme i mål. Men eg tyner roen så lenge eg kan.

No er jo òg julemarknaden min over for denne gong. Eg feirer det ikveld med å sy pittelitt...
Men ikveld syr eg berre til meg sjølv:-)

I morgon kjem det litt bilder frå marknaden!

Ha ein fin kveld!