"Lytt meir til vinden enn til folk", seier
Bjørg. Ho meiner at ein må finne ein stad inne i seg, der ein kan høyre sin egen stemme. Og at det er nødvendig for å kjenne seg sjølv. Reflektere over eige liv, over kva ein ynskjer, kva ein har eller ikkje har.
Eg trur ho har rett. Eg treng vinden. Eller stillheten.
Til å kjenne etter. Til å høyre at hjarta slår. Då er eg.
Eg er glad i vind. Altså verkeleg vind òg. Den er eg oppvaksen med, den er ein venn. Vind som ruskar i håret, vind som lagar verdas beste lyd i tretoppane. Alltid den same gode kjensla. Då er eg heime i mitt hus.
Håpar du får ei helg med vind. Eller stille.