tirsdag 31. mai 2011

Fine fargefunn


Eg diggar Fretex. Ikkje for dei mange gongene eg ikkje finn nokon ting, berre kjipe brukte ting kor enn eg snur meg. Men for dei gongene eg finn. Som igår - klede i herlege fargar. Raud treningsjakke til meg sjølv i herleg 70-tal. Slengbukse i vilt rosa mønster til ei av tantejentene. Litt striper til jentene(Ja, mora ER faktisk stripegalen...) - og litt oransje/fersken/petrol stæsj til den fargeglade... *sukk*

Ha ein fargerik dag!

mandag 30. mai 2011

Ryddedag


Fridag i ryddingens teikn. Det gjer godt å få rydda, sortere vekk ting ein ikkje treng, legge vintertøy på loftet OG vaske med herleg grønnsåpe etterpå. Reine terapien:-)

Og så fekk endeleg den nye korktavla finne plassen sin i sykroken. Ei gammal treramme frå loppis, som er malt syrleg gul, samt ei gammal korktavle som er kappa og trekt om i gule og lilla stoffer. No er den klar til bruk.

Fekk meg òg ein snartur innom Fretex idag, og er såre fornøyd med den fargerike fangsten. Den får du sjå imorgon:-)

Ha ein fin mandagskveld!

søndag 29. mai 2011

Kompromiss

Eg let haust vere haust ute - sommarkjolen og ullsokkane er på inne. Så kan det berre regne frå seg litt. På bordet står tre fine sommarbukettar, for etter litt leiting og konkurrering fann me faktisk maaaange sorter på turen vår idag. Til og med storkenebb. Då er den rett og slett snart her då. Sommaren.

Fin kveld til deg!

onsdag 25. mai 2011

Stor gutt


Mens regnet framleis høljar ned finn eg fram min yndlingskopp, rynkar bryna i stoffvelgerynkene og lar humla suse. Lillebror har vekst ut av babydyna si og treng større dynetrekk enn det turkise med epler på. No blir det grønt og brunt i herleg retro, og med den fantastiske stoffbiten med indianarar på, som eg vann frå skjønne Dig og Mig.


Ha ein fin onsdag der du er!

mandag 23. mai 2011

Venter


Sommarkjolen heng klar
Solkremen står klar i gangen

No er det bare å komme, Sommaren!

Tusen takk for alle kommentarar og sms'ar eg har fått etter "Skjøre liv"-posten! Mange av dokke veit kva det vil seie å ha alvorleg sjukdom tett på. Takk for at dokke viser omsorg!

søndag 22. mai 2011

Juleverkstad


Sjølvlaga er vellaga. Og juleverkstad er kjekt - sjølv midt i mai. Marsipan, sjokolade og strøssel - samt ein kaffikopp - er finfin aktivitet på ein grå og hustrig lørdag.

Håpar du har hatt ei god helg!

søndag 15. mai 2011

Skjøre liv


Koblar av med ein liten dose fargeterapi etter ein krutsterk dag. Med alvorleg sjukdom i nær familie kjenner eg at overskuddet ikkje er på høyden. No skal det bli godt å la kroppen få ei god natts kvil.

God natt, venner!

onsdag 11. mai 2011

Fargeglad

Idag slår eg eit slag for dei gode, gamaldagse spesialbutikkane! Dei som kan faget sitt. Og eg som kunde kan komme inn med ein lysestake i ein spesiell gulfarge - og malingsmannen kan dra fram NCS-vifta si og gå rett på. Utan å nøle. Slikt blir eg skikkeleg glad av. Og imponert. Og kjører gjerne eit godt stykke lengre for å finne nettopp dei.

Og så kan eg kose meg med ein boks maling. Idag er det ikkje meir som skal til.


mandag 9. mai 2011

Sit på gjerdet

Eg sit på gjerdet ilag med Elvis, og ventar på at inspirasjonen skal komme over meg. Skjønt ventar og ventar... Livet er ikkje nettopp kjedeleg for tida, så eg har få ledige stunder til å sitte og vente.

Men altså - bloggeinspirasjonen er ikkje her. Den er sikkert ein annan stad. Imens kosar eg meg med alt det andre. Sommar og uteliv. Forberedelsar til høgtider i mai, og alskens andre festlege arrangement. Loppemarknadar, med tilhøyrande salmiakkvatn og flikking.

Eg er nok snart tilbake. Håpar de òg er her då. Imens kosar eg meg med korte snarturar innom dokke andre, for glad inspirasjon!

onsdag 4. mai 2011

Fyrstemann til mølla...

Så artig at så mange likte syfuglen min. Den kjøpte eg i Stillwater som ligg langs Mississippi, i ein diger antikvitetsbutikk. Eg veit ikkje kor gammal den er, men den har tydeleg levd lenge. No er den på veg ut på Finn - eg har rett og slett ikkje så god plass til prydfuglar... Men de får sjansen fyrst:-) Legg igjen ein beskjed om du er interessert...

*Oppdatering: fuglen er fløyet..:-)*

mandag 2. mai 2011

Livsteikn



To koselege prosjekt midt i
eit tovekers travelt gressenkeri

Eit skjørt til ei skjønn rosa jente
med ei skjønn oransje mamma

Nygammal lesekrok
i Grandma sin glade farge

Fin kveld til deg!