onsdag 27. april 2011

mandag 25. april 2011

lørdag 23. april 2011

Kvardag igjen





Ja, påsken er over for denne gong. For min del. No er det sjukehuset som ropar i det fjerne. Men kva gjer det når ein har med seg deilige, vårlege ferieminner i sekken?

Takk for alle koselege kommentarar for sykroken min! Den var så ryddig då - det blir den neppe igjen... No inntar gladfargane den vesle kroken min, som ellers i huset her! For fargane - dei kunne eg slett ikkje klare meg utan!

Ha ein fin påske vidare, venner!

lørdag 16. april 2011

Sykrok






Endå så liten plass me har, har me fått rydda plass til ein sykrok! Ein ørliten kreakrok. Ungane har allerede tatt han i bruk - så han ser ut til å vere godkjent. Med godt arbeidslys frå loppis-Luxo'en og peisomnen like ved kan det bli mange gode arbeidsøkter her.

No er endeleg gjengen friskmeldt, og imorgon reiser me til Påskeferielandet - nemleg Rogaland. Eg treng ikkje snø for å få påskefeeling. Nei - gje meg nyfødde lam, kusymre i bakkane, bål ved sjøen og ein fjelltur eller helst tre. Då er det påske då!

Ha ein fiiiin påske!

torsdag 14. april 2011

Nyttesaum faktisk


Eit miniprosjekt mens eg ventar på å bli frisk. To jentebukser, som var holete og slitne, får nytt liv som knebukser til Elvis.

Dette må jo rett og slett kallast nyttesaum, og ifølge Vestablikkmannen skjer det ikkje overvettes mykje av det her i huset...Han har nok ein poeng der. Kjekkare med nye prosjekt, enn å lappe på gamle... Men i god miljøvern-ånd skal eg bli flinkare! Bank i bordet, kryss i taket. Utan lygekryss.

Ha ein fin førpåskedag!

*Buksene er klypte av over dei holete knea, og så er det sydd på ribb frå Lageret(eller Stoff og Stil som det vel heiter på fint..) Fiks ferdig på no time! Klare til smågutt-spankulering.*

onsdag 13. april 2011

Smågleder


Midt i ein lurvete omgang med spysjuke, fins det mykje å glede seg over. Kjempekjekk byttepakke frå Guro - med dei nydelegaste stoffbitane - og nye knottar til skapa i gangen.

Og så satsar eg på å snart kunne komma meg ut og nyta våren pittelitt òg. For no er han her!

mandag 11. april 2011

Loppeglad



I helga var eg innom tre loppemarknadar! Ikkje mindre. Likevel var fangsten ganske beskjeden, iallefall på tekstilfronten, som nesten kom ut i minus. Men morsomt er det, og bergenserane sikrar meg opplevelsar av den sjeldne sorten. Som då ein heil gjeng vaksne sprang over skuleplassen då portane opna! Finn ein det andre stader enn i Bergen?

Kattepusen fekk nølande lov til å bli med heim, og er plassert inne på jentene sitt rom - til stor jubel. Styggfine, er dei ikkje..? Eller bare rare, eg er ikkje heilt sikker.:-)

Ha ein strålande vårdag!

søndag 10. april 2011

Kledd for vår



Lillebror er blitt stor. Det har ikkje mammaen hans forstått. Så vårkolleksjonen kom med nok eit feilskjær - men slikt er jo eit luksusproblem, når ein har søskenbarn i alle størrelsar rundt omkring! Men endeleg kom selebuksa i rett størrelse på plass, og den sit som støypt.

Håpar de har ein nydeleg søndag der ute! Her er det så solfylt og vårleg at ein kan nesten tru at vinteren har reist for godt! - og det er igrunnen heilt greit!

fredag 8. april 2011

Snopetapet



Retrovilla har dei nydelegaste tapetar du kan tenke deg! Og for eit utvalg!

Eg vurderer å kjøpe ein liten bit for småprosjekter. Men så lurer eg på om nokon har erfaring med å bestille derifrå? Kostar det verkeleg 195 kr berre for forsendelsen? Er Kattegat blitt så dyr..?

Fredag



På ein regnvåt og litt slakk fredag - dumpa det ein kjempefin pakke ned i postkassen min! Stoffbytte er jammen kjekt! Tusen takk for flotte stoff, bånd og strykemerker, Linn!

Eg blir utruleg audmjuk og glad for alle fine kommentarar de legg igjen! - og stor stas er det med kvar einaste av dei nye følgarane! Prøver å ta runden og legge igjen kommentarar hjå dokke, men tida strekk ikkje alltid til...

Håpar de får ei flott helg! Her blir det vennebesøk, selskap for ei flott dame, og forhåpentlegvis litt tid til loppemarknad innimellom òg!

tirsdag 5. april 2011

Tirsdagsfred



Ei jobbehelg er over. Nye krefter skal samlast. Josh Groban på øyret, kaffikoppen nært ved.

Ein ørliten spurtetur innom Antikk- og Samlarmessa i Turnhallen rakk eg igår. Røynd samlarblikk over ting & tang, knapt nok tid til å sjå etter kjende. Kanskje traff eg deg?
Eit gamalt, nydeleg illustrert kort og ein søt bambi fekk bli med heim. Ganske praktisk egentleg, å ha lita tid..;-)

Håpar du har ein nydeleg tirsdag!

fredag 1. april 2011

Byttegardin


Desse gardinene sovna eg til kvar kveld då eg var liten. Laga meg historiar og tok dei med meg inn i draumen. Tapeten var kvit med raude hjerter på, og senga var raudmalt! Ikkje rart det blir mykje draumar i eit slikt rom!
No lurar eg på om nokon er interessert i å bytte til seg ein bit av desse? Eg har rikeleg, og syns det hadde vore artig å bytte til meg andre fine saker. Tenker meg bitar på 50 x 50 cm. Eg har to, kanskje tre bitar - nokon som er interessert?

Ellers nærmar det seg jobbehelg. Skal berre ha ein deilig fredagskveld fyrst!
Fin fredag til deg!