Mandag etter ei trist og rar helg
Lang, lang kjøretur
for å vere med på
begravelsen til ein venn
Noko av det tristaste eg har opplevd
Å sjå fire ungar
no farlause
Ei god venninne
enke
etterpå
lang, lang kjøretur
for å vere med familien
og ungane igjen
Ein blir så uendeleg
takknemleg
for alt ein har
Ikkje eingong brødsmular under bordet
kan vippe meg av pinnen
Ikkje denne veka iallefall...
---
Bildene ser kanskje ikkje umiddelbart ut til å ha noko med teksten å gjere. Det har dei vel ikkje heller. Men ein ørliten stopp på ein brukthandel langs vegen gav søte resultater, som dokke ser. I tillegg fann me ei forfallen løe som var svært fotogen, masse krekling, og mamsen fann kantareller. Nam.