lørdag 9. januar 2010

Litt fleire bilete..




Viser litt fleire bilete av det eg lagar for tida.
Dette er kort, bamsar og dynetrekk til baby(60 x 80 cm).

Eg lagar trykk i gummiplater, som eg så kan bruke både til papir- og tekstiltrykk. Nokre av stoffene er gamle stoffer som er funne på fretex eller loppemarknad, som t.d. det grøne med blomemotiv i dynetrekket over.
Men ellers snopar eg nye stoffer på "Stoff og stil" - som ligg her i byen.

Leik

Leik med silkepapir og saks - og så fram med kameraet. Det er kjekt det:-)



Ha ein fin dag!

Jul på landet

For fyrste gong på salgsmesse, på "Jul på landet" på Nedstrand. Om ikkje salet var det beste, var det likevel spanande å vere med. Så kan eg vel prøva meg igjen - tar ikkje skrekken så lett..;-)