Viser innlegg med etiketten blomster. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten blomster. Vis alle innlegg

onsdag 15. september 2010

Rosa

Rosa og lilla er Storesøster sine yndlingsfargar. Kanskje ikkje så uventa for ei jente på seks år...
Difor vart tøyposen ho fekk til bursdagen i sjølvsagte fargar, og til stor lukke.

.
Og så eit lite sommarbilde, frå mamma sin rosehage. No minkar det på rosene for i år. Men bildene har eg. Og lukta som lett let seg framkalle..:-)

Fin kveld til deg som kikkar innom!

torsdag 19. august 2010

Innegras

Så er nydelege Grass frå Normann Copenhagen endeleg blitt ein del av stua vår. Den pyntar opp både med og uten blomar!

Her er det blitt sommarver - nydelege varme dagar! Me nyt det så godt me kan mellom jobb og skulestart for eldstemor.

Ha ein fin dag!

tirsdag 6. juli 2010

Lange nok

Å vere tre år. Å elske å plukke blomar. Å konsentrere seg stort om å plukke lange nok stilkar. Å bli så glad, så glad når ho klarer det:-)
"Versågod, mamma"
*sukk*

mandag 21. juni 2010

Litt om mykje

Ikveld malar eg. Lys turkis. Mollemor sin stol fyrst.
"Mamma - maler du min stol?" "Ja." "Da er du snill.." *Sukk..* Den var søt.
Ellers så trekk eg pusten for å fortelje 7 ting om meg sjølv:
  • Eg er oppvaksen i ei nydeleg bygd i Rogaland. Fjell og fjord. Fisk og tørrhøy. Plommetre og vind. Ingen over - ingen ved sida.
  • Eg likar ikkje å gjere som alle andre. Det har vel med oppveksten med sau å gjere... Men resultatet kan av og til vere litt enerverande. For meg, og ikkje minst for andre. Eg er den som får meg mobil og facebook-konto heilt sist - for nettopp å ikkje gjere som alle andre.
  • Eg har høgdeskrekk og edderkoppfobi. Ingen klatring i stigar om eg ser ein kravlande skapning, altså.
  • Eg køyrer scooter til jobb - og elskar det! Har desverre ikkje Vespa, som er favoritten - men ein påliteleg Peugeot. Jada - image er ikkje alt.
  • Eg likar utfordringar. Eg kjenner meg levande ved å trø litt utanfor komfortsonen. Meistre. Berre ikkje fallskjerm. Eller tarantella.
  • Eg er ambivalent. Til tusen. Difor er favorittfargen min rød. Og grøn. Og akkurat no lys turkis. Imorgon kanskje noko anna.
  • Eg jobbar ikkje i ein ni til fire jobb. Tvert imot. Kundane mine treng hjelp heile døgnet.

Sånn! *puh* Det var dagens forteljing.

Ha ein koseleg kveld!


fredag 18. juni 2010

Hjartenøkkel

Det er kald sommar framleis her på vestlandet. Enn så lenge er det sokkar i sandalene og eit litt stivt smil. Då er det fint å ha meiningsfylte aktiviteter innomhus. Ikkje berre kos, sjølvsagt. Husarbeid må av og til òg prioriterast.

Dagens trykk er ein hjartenøkkel. Denne bør ikkje rotast vekk. Ikkje så farleg med dei andre nøklane, berre ein tar vare på denne.

Igår fekk bloggen min ein finfin pris frå denne skjønne bloggaren. Gjett om det gjorde meg glad! No må eg i tenkeboksen for å finne ut kva for 7 ting eg skal fortelle dykk...

Om du leiter etter tiaraen din, eller baker bryllupskake - eller ikkje bryr deg om bryllupet imorgon i det heile tatt - ha ein fin fredag uansett!

fredag 28. mai 2010

Skyggespel

Eit enkelt arrangement på bordet. Plutseleg funkla det i edelsteinar og gull. Vatn, netting og ei låg kveldssol gjennom glaset. Effektfullt!

Ha ein funklande vårdag!

søndag 18. april 2010

Vår!

Søndagstur til kvitveisbakken. Sola skin og det bles - verdas beste ver! Det luktar vår av skogen!

Over oss har ørnungane sitt fyrste møte med vind og venger - og ropar litt usikkert på mor og far.


Små nevar som plukkar den styrste buketten dei klarer. Den finaste buketten i verda! Og så heim og vise til bestemor!
God søndag til deg!

Posted by Picasa

mandag 1. mars 2010

Versågod!


Berre eit lite bilde for å mane fram liflege vårtankar. Det blir vår! Om enn ikkje heilt ennå...

fredag 26. februar 2010

Lotta Jansdotter

Ein ekte suksesshistorie, om den svenske jenta som flytta til USA og no brødfør seg med eige design. Sjå henne på Youtube under her, og kikk gjerne litt på den inspirerande nettsida hennar òg!



Lotta har gitt ut fleire bøker, blant anna den under, som er kjempefin! Den kan kjøpast her.


God fredag!

mandag 15. februar 2010

Dvale

Men berre tilsynelatande. Naturen førebur seg. Under snøen ligg knoppar klare. Grønt sprengstoff - klart for ein ny vår.



Inne tar me våren litt på forskudd, mens me ventar. Ha ein fin mandagskveld!

lørdag 9. januar 2010

Leik

Leik med silkepapir og saks - og så fram med kameraet. Det er kjekt det:-)



Ha ein fin dag!