torsdag 28. juni 2012

Rett før





Her skjer ikkje stort om dagane. Ikkje stort å skrive heim om iallefall. Me jobbar og tel ned til ferie. 
Satsar på at varmen kjem smygande snart. Imens varmar eg meg på bilder frå sommaren ifjor. 
Som var superflott, til tross for mykje regn. 
Sommarfølelse kan ein finne uansett. Heldigvis. 

Ha ein fin kveld!

*Mamsen er rosegalen og har eit par hundre ulike rosetypar, mest historiske roser i hagen sin. Det er eit eventyr å gå ein runde i hagen hennar kvar dag i ferien, for å sjå kva som blømer. Og lukte. Ikkje minst det.*

onsdag 20. juni 2012

Grønn sone







Ei ørlita grønn sone
på vår vesle veranda

Små hender som sår
vatnar kvar dag
og ventar 
på blomar og reddikar

Deilige juni!

mandag 11. juni 2012

Ordnings



Å halde orden
i papirer i ein familie på fem
kan vere ein utfordring

No syt denne arkivmappa for
at me alltid veit kor ting er

At den er fin i tillegg
er heilt i orden:-)

Fin dag til deg!

---

Mappa er frå Hay.

lørdag 9. juni 2012

Smak av sommar






Ein fredagskveld på tur
ilag med gode venner

Elvebading
badstu
blomsterplukk
varmesuppe
og 
lys, lys sommarkveld

Rett og slett
ein smak av sommar!

tirsdag 5. juni 2012

Bølge




Eit lite Etsy-funn
til beste litlebroren min

Lenge sidan eg har sett han 
men no nærmar det seg

Gler meg! 

mandag 4. juni 2012

OK



Visst er det kaldt
ute

men sommaren er i rute

inne i varmen står no
verdens finaste blomster 
i vase

OK
sommaren - 
du kjem når du vil

og enn så lenge
et me is og kjøler oss ned
sånn i tilfelle du plutseleg 
kjem