torsdag 28. juni 2012

Rett før





Her skjer ikkje stort om dagane. Ikkje stort å skrive heim om iallefall. Me jobbar og tel ned til ferie. 
Satsar på at varmen kjem smygande snart. Imens varmar eg meg på bilder frå sommaren ifjor. 
Som var superflott, til tross for mykje regn. 
Sommarfølelse kan ein finne uansett. Heldigvis. 

Ha ein fin kveld!

*Mamsen er rosegalen og har eit par hundre ulike rosetypar, mest historiske roser i hagen sin. Det er eit eventyr å gå ein runde i hagen hennar kvar dag i ferien, for å sjå kva som blømer. Og lukte. Ikkje minst det.*