Femåringen som hjelper mamma med å strippe den gamle lampeskjermen,
er litt usikker:
"Mamma - kva gjer me?"
Og mora benyttar nok ein anledning til å indoktrinere:
"Lagar noko nytt av noko som er ødelagt. Det er veldig lurt"
"Blir det fint?"
"Ehm... DET veit me ikkje ennå"
Og ho som nesten er slutta å fundere over mammaens mange pussige påfunn,
syns svaret gir meining. På eit vis. Så får me sjå, om det til slutt blir noko fint.
Blir det noko rart, er det minst like bra.
Det er femåringen og mammaen hennar heilt einige i!