torsdag 18. august 2011

Ugletour




Kanskje ikkje så overraskande - men eg likar ugler. Sånn bortsett frå min nær-Hubro-opplevelse har eg berre møtt på søvnige, blide ugler. Hubroen såg sint ut, men den var sikkert ikkje det. Ikkje så lett å sjå blid ut når ein har duskar på øyrene, tross alt.

Idag får du eit knippe av våre husugler. Den sist ankomne er puta, som er laga av eit fotoprint frå Stoff og Stil. Ser sint ut, men er ho det? Neeeeeida.

Takk for nydelege kommentarar og klemmar i forrige innlegg. Eg er ikkje like trist kvar dag. Men å ha ein flott tantegutt som no er sjuk, sjuk av blodkreft er vanskeleg. Beinmargstransplantasjon nærmar seg, og nervene likeså.

Men innimellom kan eg gjere meg opptatt med puter og dill og dall. Sånn for å få tankane over på andre ting. Det gjer godt!